Vågå Spel- og dansarlag ønskjer denne helga velkomen til den 27. midtvintersfesten for spel- og danseglade. Tradisjonen tro blir det både konsertar, kurs og dansefestar.

Vågå Spel- og dansarlag fyller dessutan 60 år i 2012. Fredag kveld er det jubileumskonsert i Vågå kulturhus, som samstundes blir ei 60-årsmarkering av laget, som vart stifta i 1952. Det blir dans både før og etter konserten.

Laget har i alle år vore aktivt når det gjeld deltaking på kappleikar og andre arrangement, samt medverknad i radio og fjernsyn. Dei har ved fleire høve vore vertskap for både Landskappleiken og Landsfestivalen for gamaldansmusikk.

Programmet for jubileumshelga ser slik ut:

Fredag 27. januar

Kl. 18.30: Koldtbord. Vågå Hotel. Kr 310,- inkl. drikke.
kl. 20.00: ”Vågå Spel- og dansarlag 60 år” – Jubileumskonser. Vågå kulturhus Kr 150,-
kl. 21.00: Dans til musikk av ulike grupper og lag, buskspel og sosialt samvær. Vågå Hotel. Kr 150,-
 
Laurdag 28. januar
 
kl. 10.30-13.30: Kurs på Vågåmo skule. Kursavgift: kr 100,-
 
Kurstilbod:      Toraderkurs for litt øvde v/ Ragnhild Bjertnæs
Felespel for litt øvde v/ Vegar Vaardal
Lausdans/halling v/ Anders Aasberg
Springleik v/ Eva Rusten og Håkon Sandum
 
kl. 14.00          Mønstringskonsert. Vågå kulturhus. Kr 100,- / Barn gratis.
kl. 19.00          Festmiddag. Vågå Hotel. Kr 365,- inkl. drikke.
kl. 20.30          Dans til musikk av ulike grupper og lag,  buskspel og sosialt samvær. Vågå Hotel. Kr 150,-

I følge Fjuken.no vil m.a. Inge Gjevre, Bjertnæs-systrene Ragnhild og Mari, Vagverein, Tufskrøkjun, tre generasjonar Schjølberg, Nye Ringnesin og fleire til ta del i feiringa, i tillegg til spelemenn og dansarar frå jubilantlaget.

Folkemusikk.no og FolkOrg ønskjer Vågå spel- og dansarlag lukke til med tilskipinga -- og ikkje minst det komande jubileumsåret! 1. - 5. august er laget dessutan vertskap for Landsfestivalen i gamaldansmusikk for 2012. Du kan lese meir om historia til laget på denne sida.