I Seljord er det ein gamal tradisjon at det går ein eller eit par spelemenn fremst i toget 17. mai. Ein nyare tradisjon er at skulekorpsa går fremst.
- Vi har slått dette saman, og i år var tredje gongen at korps og feler spela saman i 17. mai-toget, seier Ragnhild Knudsen, som som sit i hovudnemnda for Landskappleiken i Seljord i 2011.
- Til Landskappleiken 2011 har vi bestilt eit verk for korps og hardingfeler av Klaus Sandvik. No er det ferdig, og det har fått tittelen "Vek meg". Vi gler oss til å gå i gong med innøvinga!
Verket skal framføras under opningsforestillinga av Seljord skulemusikk, Flatdal skulekorps og Seljord junior- og aspirantspelemannslag. Gunn Steinstad skal dirigere verket, og Ragnhild Knudsen skal lære hardingfeleutøvarane stemmane sine.
Vi tek òg med at Landskappleiken oppfordrar alle lag, grupper og solospelemenn til å spele til dans under tilskipinga i Seljord, og håpar at mange har lyst og moglegheit til dette.
Seljord songlag mottok elles Kulturprisen 2011 denne dagen, medan Sigrid Aase fekk Ungdomens kulturstipend i Seljord.
Interesserte kan gå rett til heimesida til Landskappleiken 2011 på denne lenka. Du finn òg meir stoff om Landskappleiken i Seljord ved å gå til relaterte artikler øverst til venstre på denne sida.