No fylgde to år i Bø i Telemark med kulturfag på høgskulen, men på slutten av denne tida vart faren kreftsjuk. Foreldra var flytte tilbake til Valdres, der faren hadde røtene sine. Anders flytta også til Valdres, og i denne perioden lærde han mykje spel av far sin.
 
- Han hadde ein pedagogikk som var bra for meg. Eg forandra alltid, la til og trekte frå som det passa meg. ”Ja, slik kan du også gjera det, Anders”. Han sa aldri at det eg gjorde, var korny, han satsa vel på at eg skulle finne det ut sjølv, noko eg sjølvsagt gjorde etter kvart. Men det var min måte å tilnærme meg det på, og det skjønte han vel.

- Alle går gjennom fasar då foreldra er teite, det gjorde eg også. Men den siste tida byrja eg bli kjend med far min på ein ny måte, som menneske, ikkje berre som far, og eg skulle gjerne kjent han betre.

I Valdres vart det naturleg å dyrke felespelet, og han gjekk i lære hjå Olav Jørgen Hegge og Nils Sagahaugen. Ein dag på folkemusikkarkivet sette han ganske vilkårleg på eit opptak med ein, for han, ukjend spelemann, Harald Fylken frå Vestre Slidre. Og Anders vart bergteken frå fyrste bogestrøk.

- Då eg høyrde Fylken, fekk eg kjensla av at her har vi noko unikt, at dette er eit spel som eksisterer i ei gamal form. Han hadde ein arkaisk spelemåte med presis, rytmisk ornamentering og skeiv tonalitet. Eg er sikker på at om han hadde levd lenger enn han gjorde, så ville fleire ha oppdaga han, og han ville i større grad ha påverka valdresspelet.

Harald Fylken skal ha lært slåttematerialet sitt frå Ringestad, sjølve arnestaden for det gamle valdresspelet. Men då han døydde i 1963, var det få andre spelemenn som kjende til han. I arkivet på Fagernes finst det 35 unike opptak. Anders meiner dei har ein detaljrikdom som han aldri vil koma til botnen på.

Anders står på scenen i kulturhuset i Bø. Salen er fullsett. Han er komponisten bak tingingsverket ”Ørkenslåttar” som vart urframført under Telemarkfestivalen 2010 til strålande kritikkar. I tillegg til vokal, munnharpe og langeleik brukte han gitaren som eit vesentleg bidrag til lydbiletet. Anders har funne ny legitimitet i gitaren som folkemusikkinstrument. Tanken hans er kort sagt at musikken er evig medan instrumenta skiftar. Frå munnharpe til langeleik til hardingfele, til gitar.

Anders har mange teoriar. Ein annan handlar om langeleiken.

folkemusikk_logo_sort_smal

- Då det store innsamlingsarbeidet starta, gjekk mykje tapt ved at innsamlarane misforstod og retta opp dei skeive tonane, som dei trudde var falske. Knottane vart justerte for å få “rett” lyd. Og så kom serieproduksjonen av langeleikar som var stemde i durskala. Med dette endra musikken, instrumentet og haldningane til langeleik seg.

Saman med bror sin, Niels, har han bygd ein ny prototype, som ikkje berre har naturtoneskala, men som kan få kva skala du vil ved at knottane er lause og kan skyvast på. Slik har han henta tilbake dei tapte tonane frå gamal tid og samstundes gjeve leiken ein billett inn i framtida.

Det var medan han enno budde i ein låve i Volbu. Etter etnomusikologi-studiet i Bergen, etter Nigeria, etter hovudfaget som aldri vart ferdig, at han stod og måla ein husvegg og funderte på om han skulle reise til Bø på plateslepp. Klokka tikka, og Anders landa på nei. Han gjorde seg ferdig med målinga og stod med handa på dørhandtaket, klar for ein roleg kveld.

Så ombestemmer han seg brått, kastar seg i den vesle, grøne Fiaten og kjører utan stopp. Midt i platesleppet kjem han inn i lokalet, og der står ho. På nachspielet kom gitaren fram, og ettersom Anders var midt inne i ei mørkeblå Hank Williams-periode, drog han i gang med hjarteskjerande jodle-country for å imponere den vakre Annette. Men han fekk svar, for Annette kunne også sin Hank og sin gitar, og slik vart dei sitjande utover natta og syngje såre låtar medan kjærleiken vaks. Anders har altså møtt kvinna i livet sitt, og saman har dei to små gutar og hus i eit etablert byggjefelt i Bø.
 
Farsrolla er eit uendeleg stort grubleri, ifølge Anders, der ein får glimtvise erkjenningar, og der prinsippa fordampar når kvardagen kokar.

- Eg skulle aldri gje barna saft på flaske, men når guten nektar å drikke, og så ein drope saft, og vips: guten drikk! Klart du gjev han litt saft iblant då.

Dette er andre del av eit større intervju frå Bladet Folkemusikk, nr. 5 / 2010. Den første delen kan du lese her.