Noverande dagleg leiar, Jan Lothe Eriksen har sagt opp stillinga fordi han ikkje orkar å kjempe mot Kulturdepartementet om fleire millionar kroner til scena. Ellingsen karakteriserer korkje Eriksen eller Riksscenen som utålmodige.

– Nei. Nokre faktorar må vera på plass når ein stampar eit hus opp av bakken. Vi har pengar til husleige, lys og varme, og til det tekniske innhaldet. Men når vi fyrst har eit hus, så må ein ha pengar til sjølve musikken – om huset i det heile skal fungere etter intensjonane. Om ikkje, blir det ein annan type hus.

– Kan det bli ein annan type hus? Fryktar du det?

– Vi fryktar at det går mot ei anna retning, ei riksscene med eit anna oppgåvemønster enn kva som fyrst var tenkt. Det er ikkje vårt mål, fortel han.

folkemusikk__logo_sort

Riksscenen søkte om vel 26 millionar kroner for inneverande budsjettår, men fekk 18 av dei.

Ellingsen fortel at Kulturdepartementet har sett i verk ei utgreiing for å sjå nærmare på korleis Riksscenen skal brukast framover.

– Departementet ser ut til å ha ein plan for Riksscenen, utan å vera i tilstrekkeleg dialog med oss. Det er ubehageleg.

– Driv departementet overformynderi overfor Riksscenen?

– Det vil eg ikkje kommentere.

Ifylgje Riksscenen sine eigne utgreiingar har dei 700 000 kroner til kunstnariske produksjonar i 2010. I tillegg skal dei bruke ein million kroner på styre, råd og konsulentar.

– Vi er ikkje overbyråkratiserte og skal ikkje ha dårleg samvit for det, seier Ellingsen.

– I utgangspunktet ynskjer ein eit breitt samansett verktøy for Riksscenen. Ein million kroner er også pengar til konsulentar til sjølve byggeprosessen. Korkje vi eller departementet er negative til denne bruken av pengar. Samanliknar vi oss med andre, ligg vi lågt.

– De er seks tilsette. Er ikkje det i meste laget når de skal gjennomføre berre 18 arrangement dette året?

– Vår faste bemanning er dimensjonert for å bygge opp og ta vare på store verdiar, og å etablere eit ambisiøst kunst- og kulturfagleg prosjekt. Samanlikna med tilsvarande institusjonar ligg vi svært lågt.

– Har de gjort for dårleg jobb for å overtyde styresmaktene om at de treng meir pengar?

– Ja, dei som hevdar at vi har gjort det, har sikkert eit poeng. Det er vanskeleg å seia at vi har lykkast når det ser ut slik det ser ut. Samtidig er det ikkje enkelt å sjå kva vi har gjort feil. Kontakten med departementet gjennom heile byggeprosessen har då også vore svært god.