På World Music Expo treffest bransjefolk og artistar frå heile verda i tre dagar for seminar, møte og konsertar. FolkOrg har vore representert på messa gjennom fleire år for å profilere norsk musikk.
- Norsk folkemusikk og verdsmusikk held ein høg kvalitet og etterspurnaden etter artistar i denne sjangeren har vorte merkbart større, seier Silje Førland Erdal, som er rådgjevar for formidling i FolkOrg.
I perioden 2009 til 2011 vert Womex arrangert i København. Utover dei ordinære showcase-scenene har det i København-perioden vore ei nordisk scene spesielt dedikert til nordisk roots/trad -musikk. To artistar/grupper frå kvart av dei nordiske landa vert plukka ut av ein uavhengig jury (til denne scena er det ein separat søknadsprosess som vert annonsert på eit seinare tidspunkt).
I fjor var det Elisabeth Vatn sitt prosjekt “Piper on the Roof Ensemble” og trioen Slagr som spelte under konsertprogrammet på Womex Nordic Club. I 2009 representerte Johan Sara Jr. og Unni Løvlid dei norske og samiske fargane, medan Annbjørg Lien, Raghild Furebotten og Frikars Hallgrim Hansegård var med i The Great Nordic Band - eit ensemble sat saman av den danske fiolinisten Harald Haugaard til Womex sitt åpningsshow dette året.
Nærare 2 500 delegatar og 600 plateselskap er venta til WOMEX 2011, i tillegg til 350 journalistar og radioselskap.
Fristen for å søke om showcase-plass på Womex 2011 er som nemnd 15. april. For å finne ut meir, kan du berre følge denne lenka.