Først ut er hardingfelespelar og dansar Ellen Persvold frå Krødsherad, no busett i Valdres.

 
Korleis var oppveksten din med folkemusikk og dans i Krødsherad?
 
- Eg var med på leikaring i tiårsalderen, og starta vel å spela fele i tolvårsalderen. Då spelte me ulike plassar, mellom anna på pensjonistfestar der det vart dansa mykje. Me dansa med pensjonistar som var lette på foten, men me var fire speljenter som dansa mest med kvarande. Eg hugsar at det var dansarar det var utruleg stas å få med seg på den optimale dansen i denne perioden: Masurka! Gamaldansen var viktigaste dansen for meg til eg oppdaga springarverda i Valdres. 
 
- På spelsida fekk eg prøve meg i Krødsherad spelemannslag, Sigdal spelemannslag og i Feleringen i Sigdal. Om det ikkje var så enorme mengder med spelemenn i området, så gjorde Steinar Strøm ein kjempeinnsats med oss unge. Og me hadde kjempar som Nils Stubberud som mystiske ikon, som spelte med og for oss i ulike samanhengar. Eg hugsar at han hadde veldig store sko og at han spelte ein reiselått så fint at eg får tårer i augo berre ved minnet.
 
Du var av dei fyrste som fekk tilbod om utdanning i folkemusikk på videregåandenivå ved Valdres vidaregåande skule. Kva hadde dette å seie, og kvar fekk du ellers inspirasjon og opplæring ifrå?
 
- Ånon Egeland som var hovudlæraren min på vidaregåande inspirerte meg til å arbeide vidare med musikken frå Krødsherad og tradisjonen etter Truls Ørpen og alt han hadde samla, skrive ned og spelt inn. Og Ånon og Kari på folkemusikklina var fantastiake til å legge opp teori og praksis i undervisninga fundert på folkemusikken. Då eg kom til Olav Viken med rustne understrenger i 1990, så var det også starten på eit viktig venskap. Eg har vore mykje på verkstaden hans.
 
- På dansesida var det Marit Karlberg som lærte meg valdresspringar og Ingvill Garnås telespringar. I Valdres var eg del av eit stort og mangfaldig dansemiljø der me dansa utruleg mykje. Vidare trefte eg ein som i danse' «batt dei dulde bandi». Det har også betydd mykje. Elles var eg mykje i Breskelia hos Ingvill og det er ikkje tvil om at Agnes Buen Garnås betydde mykje for meg og den folkekulturelle interessa for dei meir litterære sidene ved eventyr og balladar. Det har eg tenkt mykje på at blei viktig for vala mine.
 
Ellen sitt store engasjement for folkemusikken og dansen har ført ho inn i ei rekke verv og stillingar innan feltet. Ho var leiar for Laget for Folkemusikk då ho budde i Oslo og har vore styremedlem i LfS. I tillegg var ho ein viktig initiativtakar og dagleg leiar under etableringa av Strunkeveko i Valdres, og var leiar for Jørn Hilme-stemnet. Ho har vore domar i både spel og dans på kappleikar og vore danseinstruksjon og produsent i ulike samanhengar. Dei siste åra har ho vore kulturskulerektor i Etnedal.
 
Korleis ser ei arbeidsveke ut for deg?
 
- Eg er kulturskulerektor med ein vesentleg del administrasjon. Eg har også undervisning. Mest i spel og teater, men også dans og song. I tillegg arbeider eg med å legge til rette for utøvarretta verksemd for andre. Produksjon og administrasjon trivst eg veldig godt med, og det er vekst i rekrutteringa til folkemusikken i Etnedal om dagen – eit resultat av gode lærarkolleger og medvete satsing.
 
Kva tenkjer du viktig for å sikre god rekruttering lokalt, og kva har vore gjort rett i Valdres dei siste åra?
 
- Ein sjarmoffensiv treng ein først for å få med seg folk, men sidan er det sosiale det aller viktigaste. Så kan ein starte å ta inn over seg mengda av kunnskapslag som ligg i tradisjonen. Eg har tru på opplæring i kulturskulen, men vidare må ein ha gode møteplassar der ein kan treffe folk som driv med det samme. Strunkeveko er eit godt døme på dette, men vidare ser eg at juniorspelemannslaget som Jan Beitohaugen Granli driv no er viktig for mine elevar og for rekrutteringa generelt.
 
- I Valdres har eg tidlegare hatt mange arenaer for dans og eit mangfald av dansarar å sjå på og danse med. Eg opplever at me som unge folkemusikarar og organisatorar fekk tillit og handlingsrom. Måten til dømnes Knut og Berit Steinsrud har takla meir og mindre tydelege forespørslar og sprell frå ulikt hald er imponerande. Dei har stilt opp og vore både tydelege og romslege. Det er ein tradisjon å ta vare på i rekrutteringssamanheng det også.
 
Denne serien med fokus på utøvaren sin rolle i folkemusikk-Norge held fram på Folkemusikk.no i morgon.