UngFolk har blitt arrangert på Seljord folkehøgskule, Seljord, sidan 2003. I 2009 var leiren på Granlien aktivitetssenter i Kviteseid, og skal attende dit i år.

- På Granlien har dei utvida antalet overnattingsrom slik at me kan ha det der sjølv ved forventa auka deltakartal, men me har satt eit tak på 45 deltakerar, seier arrangørane.

På kursstaden bur lærarar og deltakarar saman gjennom heile kursveka. Undervisninga føregjeng for det meste i små grupper, men ein  kan også få nokre einetimar med læraren.

- Me legg stor vekt på å skaffe gode lærarkrefter til alle kurs, og me delar inn gruppene etter nivå der det er behov for dette. Hovuddelen av deltakarane brukar å vere telemarkingar, men det er også deltakarar frå t.d. Drammen, Sandefjord, Mathopen og Stord.

Arrangørane oppmodar ellers alle deltakarar om å søke heimkommunen eller lokallaget om støtte til heile eller delar av påmeldingsavgifta. Mange kommunar er positive til slik støtte, og fleire deltakarar får allereie heile eller delar av påmeldinga dekka.

Kontaktpersonar for UngFolk er Marte Linga og Lars Erik Øygarden. Kurstilbodet omfatter Folkemusikkband, Hardingfele, Dans / Halling, Kveding, Fløyter / munnharpe og Langeleik.

Interesserte finn heimesida til UngFolk her. Fleire detaljer om sjølve opphaldet finn du på denne sida.