Vi starter i Møre og Romsdal, der Valle Spelemannslag er arrangører for fylkeskappleiken 9. og 10. april . Tilskipinga vert halden i Valldal, i lokala til Syltemoa Skule og Valldal Samfunnshus. Tevlinga vil starte klokka 12 laurdagen , og går fram til  til ca 17.  Utpå kvelden vert det kulturkveld, lagspelkonkurranse og dans. Sundagen held tevlinga fram klokka 11, og avrundast med  premieutdeling.
 
Det vil verte kafe på kappleiksområdet begge dagar. Søndag vil det også verte frokostbuffe, medan ein kan få kjøpe middag laurdag på  kappleiksområdet.  Valldal Spelemannslagvart stifta i 1980, og har tradisjonell besetning med feler, trekkspel og komp. Laget øver kvar måndag på Muritunet, og vart tildelt Kulturprisen for 2005 for Norddal.

Buskerudkappleiken finn stad på Eiker Vidaregåande skule i Hokksund laurdag 9. april.Her er det óg samling for Danseu’, som er den lokale utgåva av Bygda Dansar. Som innleiing til Buskerudkappleiken arrangerer Buskerud Folkemusikklag sjokoladekappleik for dei under 12 år, med kloke dommerkommentarer og deltakerpremie til alle.
 
- Enten du er utøver, publikum, eller begge deler, håper vi du får et trivelig møte med tradisjonsutøvere fra hele Buskerud, i både spell, dans og song, og av alle aldre, skriv arrangørane i Eiker Spelemannslag.

- Vi gleder oss til å markere vårt 40‐års jubileum med å arrangere årets Buskerudkappleik, i samarbeid med Buskerud Folkemusikklag og med god hjelp av Leikarringen i Haug BU.

Laget blei starta i 1971,  og er eit av to lag i Buskerudmed vanleg fele (flatele) som hovudinstrument. Dei omtalar seg sjølv som "musikkinteresserte kvinner og menn som ønsker å støtte opp om folkemusikken i sin alminnelighet, og som ønsker å ta vare på og utøve den gamle dansemusikken og dens tradisjoner i Eiker i særdeleshet. ”

Laget er medlem i Buskerud Folkemusikklag og Landslaget for spelemenn ‐ no Folkorg.

Den tredje Fylkeskappleiken denne helga er i Telemark. Her er det Nes Nasjonale Dansarring som er tilskipar. Tevlinga finn stad i Idunshall på Akkerhaugen, og tek til laurdag klokka 13.

Nes Nasjonale Dansarring vart stifta i 1951. Lagets formål er å fremje bygdedansen, folkemusikken (både vokal og instrumental), bruk av bunader og folkedrakter, og ta vare på den tradisjonelle bygdekulturen.

Nes Nasjonale Dansarring

Heimesida til Valldal Spelemannslag finn alle interesserte her. Bukserudkappleiken 2011 kan du lese meir om her. Nes Nasjonale Dansarring har denne nettsida.