Dåm og Drag har ikkje berre markert seg i eiga kommune og eige land, men har også utanlandsturar i sekken.
I mai 1993 representerte dei Møre og Romsdal fylke i vennskaps fylket Ribe Ami i Danmark, og dei blei også med Tresfjord Bygdekvinnelaget på vitjing til Dieter Last og Prum i Tyskland i 2003. Arbeidet til laget er noko som blir satt pris på, og eit teikn på dette kom særleg i 1999 då dei fekk Kulturprisen frå Vestnes Kommune saman med Olav P. Hjelvik.
Innsatsen til laget er upåklageleg, og allereie før dei vart eige lag arrangerte dei sin første kappleik. Denne gjekk av stabelen på Vestnes i 1988. Seinare arrangerte dei også kappleik for Møre og Romsdal i 1995 og i 2007. Begge desse kappleikane blei halde på Tresfjord Skule og Fleirbrukshus. Laget har også fleire gongar halde kurs på Gjermundnes og dei har også arrangert sjokoladekappleik for dei miste. Dette i tillegg til alle musikkaféar, dansekveldar, olsokarrangement, spelmannstreff og adventskonsertar dei enten har arrangert eller delteke ved.
Laget kan ikkje berre vise til gode resultat som lag, men også grupper og enkelindivid har utvikla seg godt i løpet at tida til laget. Gruppa Øresus er ei gammaldans gruppe som før var kjent som ”Gruppa hass Basse-Bernt”, men som sidan 2000 har vore ”Øresus”, beståande av Britt Elise Skram, Steinar Vambeseth, Bernt Hansen og Sigmund Fiksdal som har hevda seg stort i Landsfestivalar og fekk 2.plass i Titanofestivalen i 2004 og blant anna har gjeve ut eiga CD, ”Helsing til Vågå” i 2007.
Gruppa Werner Barth har også sitt utspring i Dåm og Drag i 2003, og består av Britt Elise Skram, John Trygve Villa og Karl Arne Frantzen. Dei har for det meste gjort reint bord på kappleikar, og dei har også hevda seg godt i kulturmiljøet i Vestnes og Molde ved å ha opptredd på diverse konsertar, pubar og andre kulturarrangement til stor glede for lokalbefolkninga.
I nyare tid har Svein Oskar Smogeli og Anna Liv Skjelten Gjendem satt Dåm og Drag på kartet, men dei gjennom dans. Først gjennom deltaking i danseprosjektet ”Snu Nordvest” i regi av Rådet for Folkemusikk og Folkedans, der Britt Elise Skram var med som spelemann, og seinare i talentutviklingsprogrammet ”Sans for Dans” i regi av Noregs Ungdomslag. Dei har også delteke på dei regionale kappleikane der dei har vunne danseklassen dei siste 5 åra på rad. Dei kan også sikte til ein 1.plass i B-klassen på Landskappleiken i 2008 og ein 2.plass frå 2011. Den siste sendte dei som 3.dansepar i Romsdalshistoria opp i A-klassen.
Det er ikkje berre Smogeli og Gjendem frå laget som har komme seg opp i den gjeve klassen. Marie Skavnes var først ute til å spele seg opp i A-klassen i 1999, etterfølgt av Britt Elise Skram i 2002. Britt Elise Skram spelar også i gruppa Tre Begrædelige Piger som blei nominert til Spellemannsprisen i 2005. Olav P. Hjelvik var allereie i A-klassen før skipinga. Dette viser at det er godt med talentutviklingspotensiale i eit lag som dette.
Mange av medlemmane har dei seinare åra flytta, men spelegleda dreg dei stadig tilbake til laget og dei er framleis med. – Dei siste åra har det vore godt med rekruttering, men det hadde vore kjekt med endå fleire, fortel musikalsk leiar av juniorlaget, Britt Elise Skram. Noko av dette kan skuldas eit godt og tett samarbeid med kulturskulen i Vestnes.
Laget har i dag om lag 40 medlemmar, der sju er juniorar. Det er ein erfaren og vaksen 20-åring som no markerer jubileum, og det er berre å gratulere Spelemannslaget Dåm og Drag. Det blir nok meir å høyre i framtida.
Første del av denne lagssoga kan du lese her. Folkemusikk.no og FolkOrg gratulerar så mykje med jubileet, og oppmodar gjerne andre lag om å rapportere om små og store nyhende!