Spira studentspelemannslag vart stifta for om lag eitt år sidan. Nå er VVS’ eige spelemannslag invitert av NRK til Marienlyst for å spele inn store delar av repertoaret sitt.

– Det er klart det er stas for oss å få muligheita til å vera med på noko slikt, seier ei glad Randi Johanne Hoseth til Dølen.

Saman med resten av musikarane på landets einaste vidaregåande line for folkemusikk, skal ho sørgje for folkemusikalsk underhaldning og øyrefryd til dei tusen heimar gjennom heile jula.

– Vi skal i spele inn store delar av det samla repertoaret vårt. Og totalt sett skal programmet sendast 9 gonger på NRK P2 i jula, slik at vi får ei veldig god eksponering, seier Hoseth og lærar Tom Willy Rustad.

– Vi har fått god støtte frå både Regionrådet for Midt-Gudbrandsdal og Midt-Gudbrandsdal næringsforening, seier Rustad til Dølen. 

Det er pengar som kjem godt med.

– Det er klart det kostar ein del når 24 elevar med lærarar skal til Oslo i to dagar, smiler Rustad, som ifølgje elevane skal ha ein stor del av æra for å ha fått i stand avtala med NRK.

– Spelemannslaget var med på landskappleiken på Voss i sommar, og det var der NRK og primus motor for ”Foklemusikktimen”, Leiv Solberg, begynte å interessere seg for dette.

– Kvifor var det så interessant med akkurat ”Spira” trur de?
– Spira studentspelemannslag er noko heilt anna enn det tradisjonelle spelesmannslaget, i og med at vi som einaste landsline har elevar frå veldig mange stader i landet. Det gjer at vi får eit heilt eiget uttrykk, seier Rustad.
Nå skal uttrykket foredlast i NRKs berømte studio 19.

– Planen er å prøve å fange livestemning, gjennom solistnummer, mindre besetningar og sjølvsagt heile spelemannslaget, seier Rustad og Hoseth. 

”Vi har elevar frå veldig mange stader i landet. Det gjer at vi får eit heilt eiget uttrykk.”

Tom Willy Rustad.


Folkemusikkveld


Før Spira sendast ut over eteren blir det mulegheit til å få høyre Midtdalens ferskaste spelemannslag i konsert i morgon.

– Vi inviterer til folkemusikkveld i Inntunet i morgon kveld. Det blir ein fin anledning til å sjå og høyre kva vi driv med for både foreldre, vener og andre nysgjerrige, fortel Lars Magnus Stakston.
Folkemusikklina har invitert ulike grupper og spelemannslag frå forskjellige kantar av landet til å delta på konserten.

– Vi legg vekt på å få eit breitt program som også representerar mangfaldet av elevar ved lina, seier Stakston.

– Her blir det alt frå Nordlandspols til visetonar frå Telemark, men fyrst og fremst er det musikk henta frå flatfeledistrikta, som til dømes Gudbrandsdalen. Men det blir og torader og trekkspelmusikk, og innslag frå meir eksotiske folkemusikkstrok, seier han.
Elevane har i felleskap med Tom Willy Rustad stått for arrangeringa av musikken.

– Musikken er gjennomarrangert, med mange forskjellige typar arrangement. Gamle slåttar vil stå fram i ”ny” drakt, lovar Hoseth og dei andre.  

”Buskspel”

Etter konserten blir det ”buskspel” a la VVS, i foajeen på skulen.

– Her vil både elevar frå lina og dei ulike inviterte laga stå for delar av musikken, seier elevane, som oppfordrar publikum til å ta med seg dansesko.

– Dette er folkemusikklina si storsatsing i år, og vi håper at det kan bli ein tradisjon, avsluttar elevane.  

 

Artikkelen stod på trykk i avisa Dølen 9.januar 2010. www.dolen.no