Omslaget til Sigrid Moldestad si nye plate |
-Uttrykket er spela fram i samarbeid med dei fantastiske musikarane som er med, seier Moldestad.
I tillegg til sjølvskrivne tekstar, har ho tonesett tekstar av Robert Burns gjendikta på nynorsk av Johannes Gjerdåker, og tekstar av Jakob Sande. Det handlar om levd liv, nytt liv, og historier med ei form for uro over seg. Den nye plata “Sandkorn” er spelt inn av Morten Skage i Sporlyd Studio, Vaksdal. Han er også produsent saman med Sigbjørn Apeland og Sigrid Moldestad. Plata vert gjeve ut på Grappa Musikkforlag.
Fredag reiser ho ut på turné med det nye materialet og nytt band. På turneen har ho med seg Sigbjørn Apeland på trøorgel og piano, Mattias Perez på gitar, Anders Hall på fele, bratsj, hardingfele, og Anders Bitustøyl på kontrabass.
Turnérute
05.03: Sandane, Trivselhagen
06.03: Spjelkavik, Teaterfabrikken
08.03: Osterøy, Osterøy Museum
09.03: Bergen, Logen
10.03: Øystese, Kabuso
11.03: Sarpsborg, Glenghuset
13.03: Oslo, Herr Nilsen