Vi har fått mykje ut av studiet både når det gjeld det faglege og det tekniske, det teoretiske, kunstnarlege og praktiske. Undervisninga på studiet har heile vegen hatt eit høgt fagleg nivå og vi har fått mykje individuell undervisning og rettleiing.
Gjennom heile studieperioden har vi hatt glede av til saman 27 lærarar og gjestelærarar som alle er av dei ypparste på sitt felt i Noreg og Sverige. Desse representerer eit bredt spekter som gjer at vi har fått eit vidt perspektiv og vi har sett at ein kan passe inn i fleire samanhengar. Dei kan også vere gode kontaktar for framtida.
Gjennom studiet har vi fått ein kunnskap om kroppen som instrument og verktøy for utøving av tradisjonsdans. Dette er ein unik kunnskap som få folkedansarar innehar då dei fleste verkar på amatørnivå. Vi har fått mykje kompetanse på å studere filmopptak med dans frå arkivet (ved Rff-sentret), og korleis ein kroppsleggjer dette, under god rettleiing. Vi jobbar med korleis ein tileignar seg materiale frå film og korleis ein kan bruke denne i kunstnarlege samanhengar.
Vi har fått fordjupe oss i ulike tradisjonar og får utvikle oss i ulike retningar som dansekunstnarar. Mykje av verdien i tradisjonsdansen ligg i variasjonen ein finn i ulike tradisjonsområde, men og like mykje på det individuelle plan; vi har sett mange utøvarar og har fått sjå ein del av den store variasjonen og kor vid tradisjonen eigentlig er.
Gjennom samarbeidet mellom NTNU og Ole Bull Akademiet har vi fått samarbeidd med dyktige folkemusikkstudentar gjennom mangfaldig undervisning, og samarbeidd om å lage framsyningar. Det at sjangeren er ”tverrfaglig” i sin natur gjennom det tette forholdet mellom musikk og dans er ein unik kvalitet som gjer at vi skil oss frå andre kunstartar.
Noreg har ratifisert UNESCO-konvensjonen om Vern av immateriell kulturarv. Tradisjonsdans er ein del av denne og vi som utøvarar av tradisjonen er med på å ta vare på den gjennom kunnskapen om kroppsleggjering av tradisjonsdans. Verninga av denne kunstforma kan berre skje gjennom å sikre bruk og kompetanse på eit høgt utøvande nivå i tillegg til organisasjonslivet.
Fram til i dag har det ikkje vore mulig å ta utøvande utdanning innan tradisjonsdans, mens det lenge har vore mulig å ta tilsvarande innan folkemusikk (både på Akademiet i Rauland (HiT), NMH i Oslo og Ole Bull Akademiet). Det er altså lenge sia ein såg behovet for profesjonalisering for folkemusikarar. Innan folkemusikken har ein lang tradisjon for å drive opplæring av spelmenn og spelmannen har vore sett på som ein kunstnar.
Dansen har i stor grad eksistert som ein sosial aktivitet og organisert opplæring har først og fremst vore drive for å fungere på eit dansegolv. Ein har ikkje dyrka dansaren i same grad som ein har dyrka spelmannen. Innan teaterdans (ballett, jazzdans, moderne) har vi lengre utdanningstradisjonar og utdannar kvart år mange unge dansarar som i det store bildet kan representera ein overproduksjon til ein liten marknad som kan vere hard å overleve i.
Som formelt utdanna tradisjonsdansarar vender vi oss til ein annan marknad, den ”folkekulturelle,” i tillegg til å vere ein del av ”danseverda.” Skal ein kunne leve som dansar er det viktig med formell kompetanse. Og dei folkedansarane som i dag lever av dansen er for det meste sjølvlærde og har brukt lang tid på å kunne leve av dansen. Det er elles i samfunnet høgare krav til formell kompetanse i dag enn for nokre år sia og skal vi kunne leve av dansen er det viktig at vi kan vise til ei utdanning.
Vi er fire studentar. Sjølvsagt hadde det vore kjekt om alle seks som begynte, kom ut med ein bachelor. Dessverre vart ikkje dette realiteten då vi ikkje visste kva vi skulle forvente oss av studiet. Det er utfordrande å gå på eit studie som ikkje er ordentleg etablert og har fått sine faste former. Vi har vorte sjølvstendige studentar som er vant til å ta ansvar for eiga læring og kjenner oss førebudde på arbeidslivet.
Som studentar på det første kullet har vi fått vere med å utvikle studiet frå første året til nå. Vi har fått ønske oss korleis studiet skal vere, lærarar, undervisningsopplegg – og vi har i stor grad vorte høyrde. Vi har generelt fått vere med å påverke studiet og det kjennast som vårt.
For oss er det viktig at BA Utøvande tradisjonsdans oppretthaldast som studietilbod. Det vil i framtida kunne gjeve oss fleire profesjonelle aktørar i marknaden og muligheiter for samarbeid. Kvaliteten på aktørar som opptrer som profesjonelle vil hevast og verdien av å ta ei utdanning vil hevast når kvalitetskrava aukar.
BA Utøvande tradisjonsdans er godkjent av NoDa (Norske Dansekunstnere), fagforeining for utøvande dansekunstnarar. Dette er eit fagforbund som stiller strenge krav til medlem om kunstnarleg verke og berre fem danseutdanningar i Noreg er godkjent for medlemskap/studentmedlemskap. Dette gjev ei anerkjenning av vårt felt som ein del av det profesjonaliserte dansefeltet.
Vi har allereie no som direkte konsekvens av at vi er studentar ved dette studiet, alle fått jobbtilbod. Her nemner vi t.d. kulturskolen, reiseinstruktør i grunnskolen og helgekursinstruktør innan NU (Noregs Ungdomslag). Vi har vore vikarar og instruktørar både i Bygda Dansar og gjestelærarar på studiet Tradisjonskunnskap ved Rff-sentret (NTNU), dansedommarar på kappleik og kursverksemd for born, unge og vaksne.
Etter avslutta Bachlorgrad ønskjer nokre av oss å studere vidare innan same fagfelt, t.d. pedagogikk (for å verte dansepedagog, noko vi per i dag dessverre ikkje har muligheit til ved NTNU), utøvande eller teoretisk mastergrad i dans eller musikk. Vi ser også muligheit for å søke om ulike kunstnarstipend og drive frilans dansekunstnarleg verksemd.
”Eg føler eg har meir tyngde i folkedansen no. Eg finn større glede i å danse både åleine, saman med andre, sosialt og profesjonelt. Eg har fått ein brei kunnskap som gjer at eg no står stødigare i folkedans og folkemusikkmiljøet, og i kunstnarmiljøet generelt. Eg er no blitt eit godt førebilde for andre dansarar, og at eg har mykje å gje. Vi fire studentar som går ut dette året her kan løfte folkedansutdanninga vidare opp og fram. Eg er stolt av å være folkedansar – og håper at andre kan få same moglegheit som meg.” - Sitat frå student BA Utøvande tradisjonsdans
- Venleg helsing Mathilde Øverland, Torill Steinjord, Inga Myhr og Anna Liv S. Gjendem
Vi takkar for dette fine innspelet, og vil gjerne oppmode andre studentar om å fortele litt frå sin kvardag med folkemusikk og folkedans. Alle innlegg kan stillast til info@folkemusikk.no. Om du vil lese meir om BA-studiet til NTNU, kan du gå vidare til denne sida.