Etter fleire år som musikalsk pendlar over Nordsjøen valde ho å spele inn si fyrste plate i eit studio utanfor Edinburgh. Med seg i studio hadde ho produsenten Mattie Foulds, eit knippe av skottland sine beste folkemusikkutøvarar og strykekvartetten Mr McFalls Chamber.

I Annlaug si musikalske verd står den norske folkemusikken som ein grunnmur. På den byggjer ho nytt, tek vare på - og riv ned. Plata November er inspirert av både britisk og amerikansk folkemusikk så vel som pop og rock. Det er lyden av salt hav, bløming og brusteinsgater. Alle tekstane er norske og det er raske skifter mellom voggesongar, mørk kjærleik og dristige drikkeviser. Plata er gjeve ut på hennar eige selskap Fivreld med distribusjon gjennom MusikkLosen.

På lanseringsturneen i Noreg har Annlaug invitert med seg hovudbandet frå plata:
Inge Thomson (trekkspel og vokal), Steven Polwart (gitarar, banjo, ukulele), Kevin McGuire (kontrabass), Mattie Foulds (trommer/perk) Dette er musikarar som er høgt oppskatta innan den skotske folkscena og har turnert og spelt med musikarar som Eddie Reader, Bonnie Prince Billy, Karine Polwart og Natalie McMaster.


Turnérute i Noreg:

3.mars: Oslo, Josefines Visescene
5.mars: Voss, Ringheimskaféen, Voss Viseklubb
6.mars: Ulvik, Den Grøne Kafé, Hardanger Folkemusikkscene
7.mars: Sotra, Nordsjøfartmuseet på Telavåg (kl 13)
7.mars: Bergen, Logen Bar (kl 21)
16.mars: Stavanger, Café Sting, Stavanger Viseklubb (solokonsert)
 

Turnérute i Skottland/England:

24.mars: The Cumberland Arms, Newcastle
26.mars: Pathhead Village Hall, Pathhead
27.mars: Tollbooth, Stirling
30.mars: Leith Folk Club, Edinburgh