Artistane er Gjermund Larsen Trio, Unni Boksasp Ensemble, Synnøve S. Bjørset, Majorstuen, Valkyrien Allstars og Skaidi.

Søknadsfristen for prosjektet gjekk ut 16. mars, og heile 90 artistar melde si interesse for å delta på bransjetreffet. Ein fagjury med Hilde Bjørkum, Ola K. Berge og Fiona Talkington valte ut 20 aktuelle artistar på grunnlag av søknadane. Dette utvalet vart sendt over til programutvalet i Celtic Connections som gjorde det endelege utvalet av artistane.

Donald Shaw, programdirektør på Celtic Connections, seier at det har teke tid å velje ut musikarane og at kvaliteten på dei innsendte bidraga har vore særdeles høg.

- Det er ei glede å kunne presentere dei artistane vi no har valt ut til Celtic Connections, seier han.

Bransjetreffet Showcase Scotland er ein del av den skotske festivalen Celtic Connections, og har kvart år eit eige gjesteland på festivalen. I 2010 vil fokuset vere på Noreg. I løpet av festivalen vil kvar showcaseartist spele minst ein konsert kvar. I tillegg vil alle få høve til å spele på festivalklubben; eit konsertkonsept som presenterer eit utval av artistane som spelar på festivalen kvar kveld. Dei norske artistane får også tilbod om å arrangere plateslepp, spele på mottakingar og elles vere med å profilere seg sjølv på stands og seminar.

- Dette er ein unik sjanse for dei norske utøvarane til å vise seg fram på ein av dei verkeleg store internasjonale arenaene, og til å knytte til seg verdifulle kontaktar. Vi håpar at deltaking på Showcase Scotland kan bidra til å gje norske artistar fleire speleoppdrag internasjonalt, seier Silje Førland Erdal i Norsk folkemusikkformidling.

Spotlight Norway 2010 er eit samarbeid mellom Norsk folkemusikkformidling, Den norske ambassaden i London og Music Export Norway, og går føre seg i Glasgow 28.- 31. januar 2010.



OM CELTIC CONNECTIONS OG SHOWCASE SCOTTLAND

Den skotske festivalen Celtic Connection er Storbritannias størst innan folk/trad-sjangeren og arrangerar  300 konsertar i tillegg til workshops, plateslepp, seminar og gratisarrangement  over 16 dagar i januar. Festivalen har ein tydeleg internasjonal profil og er oppteken av å knytte band mellom keltiske tradisjonar og verdsmusikken.  Showcase Scotland er eit internasjonal bransjetreff som vert husa av Celtic Connections. 200 bransjeaktørar som agentar, konsert-og festivalarrangørar og plateselskap frå heile verda, vert presentert musikk frå scener som rommar mellom 500 og 3500 besøkande.

 
 

OM ARTISTANE

Gjermund Larsen Trio.  Gjermund Larsen er ein raus spelemann og komponist som med folkemusikk-Noregs mest elegante strøk lett svingar bogen frå det eine feleprosjektet til det andre. Han har eit uvanleg breitt emosjonelt register i musikken – frå det briljerande virtuose til det milde og sarte. I Gjermund Larsen Trio har han med seg Andreas Utnem (trøorgel/piano) og Sondre Meisfjord (kontrabass).  Trioen kom ut med sin første CD, Ankomst, i oktober 2008, og vann med den Spellemannsprisen.
www.myspace.com/gjermundl

Synnøve S. Bjørset. Noregs frekkaste hardingfeledame spelar kompromisslause hardingfeleslåttar blotta for jåleri. Musikken hennar er ei smakfull samling av ukjende slåttar og nye tolkingar av gamle slagerar frå Sunnfjord, Sogn og Valdres. Synnøve S. Bjørset frå Jølster gav ut si første soloplate i 2001, og har sidan medverka på ei rekkje plateutgjevingar før ho no er aktuell med si andre soloplate «Slåttar».
www.myspace.com/bjorset

 Skaidi. Mellom joik og jazz ligg eit musikalsk landskap som oppmuntrar til improvisasjonar. Skaidi er møtet mellom to tydelege tolkarar av jazz og joik. Med både klassisk joik, og den frie moderne joiken, utfordrar joikaren Inga Juuso bassisten Steinar Raknes til å utforske improvisasjonens verd. Saman skapar dei  Skáidi, kilen mellom to elver som møtast, og utgangspunktet for musikkens veg vidare.
www.myspace.com/skaidimusic
 

Unni Boksasp Ensemble. Vokalisten Unni Boksasp har etablert seg støtt i det gode selskap av unge norske folkemusikarar med sine tolkingar av folkemusikken frå Nordvestlandet. Musikken er naken, rå og melodiøs. Den er både rytmisk og fri, disharmonisk og vakker. I Unni Boksasp Ensemble har ho med seg Jorun Marie Kvernberg ( feler), Olav Luksengård Mjelva (feler), Magne Vestrum (bass) og Trygve Brøske (trøorgel).
www.myspace.com/unniboksasp

 Valkyrien Allstars. Valkyrien Allstars framfører musikk med rot i det norske tradisjonsmiljøet, men ved å eksperimentere og blande stilar og sjangrar har dei utvikla sin eigen ”sound” – med referansar til rock, jazz, blues og soul. Sjelefull og sterk vokal akkompagnert av hardingfeleriff og kollektiv improvisasjon har blitt Valkyrien Allstars’ varemerke. Valkyrien Allstars er Tuva Livsdatter Syvertsen, Ola Hilmen og Erik Sollid.
www.myspace.com/valkyrienallstars


Majorstuen spelar hardcore felemusikk, og med  utgangspunkt i den norske folkemusikken skapar dei eit samtidig og nyskapande musikalsk uttrykk i ei sjeldan samspelsform av seks feler. Majorstuen  er Jorun Marie Kvernberg (fele), Synnøve S. Bjørset (fele og bratsj), Tove Dalbakk (fele og cello), Andreas Ljones (fele og bratsj) og Gjermund Larsen(fele og cello). Medlemane i gruppa møtte kvarandre under studier ved Norges Musikkhøgskole, og feirer 10 års jumileum i 2010.

www.myspace.com/majorstuen