Om Showcase Scotland og Celtic Connections
Den prestigetunge skotske festivalen Celtic Connection er Storbritannias størst innan folk/trad-sjangeren og har gjennom 16 år henta inn artistar frå den keltiske diaspora. Det er den største ”vintermusikk”-festivalen i verda, og varmar opp 120 000 entusiastiske festivalgjengarar kvart år. 300 konsertar i tillegg til workshops, plateslepp, seminar og gratisarrangement går av stabelen over 16 dagar i januar/februar på 14 ulike scener i Glasgow. Festivalen har ein tydeleg internasjonal profil, og er oppteken av å knytte band mellom keltiske tradisjonar og verdsmusikken.
Showcase Scotland er eit internasjonal bransjetreff med fokus på tradisjonsmusikk, og vert husa av Celtic Connections. 200 bransjeaktørar som journalistar, agentar og plateselskap frå heile Europa, USA og Canada, blir presentert musikk frå scener som rommar mellom 500 og 3500 besøkande. Showcase Scotland har kvar år lange ventelister både for artistar og delegatar.
Om prosjektet ”Spotlight Norway”
I tillegg til å vise fram skotsk musikk, opnar Showcase Scotland opp for at andre land og regionar kan få presentere sine utøvarar, og har kvart år eit eige partnerland. Dette har gjeve Norsk folkemusikkformidling høve til å inngå ei avtale som gjer Noreg til partnar i 2010. Som ein del av avtala vi kvar artist som vert plukka ut få spele ei konsert kvar i løpet av festivalen. I tillegg vil alle få høve til å spele på festivalklubben; eit konsertkonsept som presenterer eit utval av artistane som spelar kvar kveld. Dei norske artistane kan i tillegg få tilbod om å arrangere plateslepp, spele på mottakingar og elles vere med å profilere seg sjølv på stands og seminar.
I løpet av arrangementet vil Noreg få tildelt seminartid. Seminaret er enno under planlegging, men vil bli linka til norsk tradisjonsmusikk og opplæring av barn og unge innanfor dette feltet. Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvar for praktisk gjennomføring av seminaret.
Kvar artist vil bli profilert i Showcase Scotland sitt lommeprogram. Alle 200 delegatar samt sponsorar og samarbeidspartnarar vil få dette. Delegatlista blir distribuert til Norsk folkemusikkformidling og våre samarbeidspartnarar i forkant av Showcase Scotland slik at vi har høve til å annonserte konsertane i god tid, og profilere dei norske artistane til ein bransje på jakt etter ny musikk. Vi får dessutan høve til å legge informasjonsmateriell i ein ”goody bag” som alle delegatar får utdelt. Norsk folkemusikkformidling vil i tillegg jobbe aktivt for at norsk og internasjonal presse dekkjer dei norske konsertane.
Tidlegare Showcase Scotland partnarar har vore Danmark i 2005, Highland and Islands of Scotland i 2006, Wales i 2007 og Vest-Sverige i 2008. I januar 2009 presenterte Quebec 6 grupper med til saman 34 artistar på årets Showcase. Det har vore nyttig å følgje Quebec og dei andre partnarane sitt arbeid, og vi hentar no inspirasjon og idear gjennom deira erfaringar.
Kvifor er deltaking på Showcase Scotland viktig for norske utøvarar?
Dette er ein unik sjanse for norske utøvarar innan verds-og folkemusikksjangeren til å vise seg fram på ein av dei verkeleg store arenaene, og til å knytte til seg verdifulle kontaktar internasjonalt. Gjennom dei internasjonale delegatane maktar Showcase Scotland å strekke seg langt utover Storbritannia sine grenser, og gjer slik ein global marknad meir tilgjengeleg for showcase-artistane. Deltaking på Showcase Scotland er difor salsfremjande og kan gje viktige jobbar for norske artistar i framtida.
Samstundes er dette med på å sette fokus på tradisjonsmusikk og verdsmusikk i Noreg generelt, og markerer tyngda denne sjangeren har. Det set også søkjelys på profesjonalisering av utøvarar som ynskjer å jobbe med dette på heiltid. Partnarskapet vil vidare hjelpe eksport av norsk musikk og kultur generelt, og er med på å bygge opp kompetanse på dette feltet i fleire institusjonar heime.
Utval av musikarar
Norsk folkemusikkformidling oppnemnde eit kunstnarleg utval som på bakgrunn av søknader frå artistar val ut 19 artistar som kunne vere aktuelle Showcase-artistar. Dette utvalet er no sendt til Celtic Connections sin programkomiteen som gjer det endelege uttaket. Etter alt å døme vil dette vere klart i løpet av juli 2009
Søknadsfristen for artistar gjekk ut 16. mars 2009, og vi har fekk inn heile 90 søknader. Søknadsmengda viser stor aktivitet på feltet, og syner vilje blant norske artistar til å satse på ei internasjonal karriere.
Samarbeidspartnarar i prosjektet
Norsk folkemusikkformidling samarbeider tett med Music Export Norway og Den Norske ambassade i London om gjennomføring av ”Spotlight on Norway 2010”. I tillegg til å gå inn med finansiell stønad bidrar desse også med arbeidstimar og ressursar på ulike felt:
Music Eksport Norway (MEN) vil ha hovudkontakten mot norsk og internasjonale musikkbransje. Gjennom MEN sitt London-kontor vil vi kunne ha ein tett dialog med interessentar i Storbritannia, samt norske aktørar der. I tillegg vil MEN følgje opp kontaktar innan britisk presse og jobbe for å få til medieavtaler. Dei vil bidra med kompetanse på korleis ein på best mogleg måte kan skape kontinuitet over prosjektet i Scotland, samt utarbeide idear på korleis eksport av norsk tradisjons -og verdsmusikk kan skyte fart.
Den Norske ambassaden i London vil vere ein viktig ressurs i forhold til korleis vi kan trekke inn partnarar/sponsorar i Storbritannia. Ambassaden vil også bidra med idear på korleis vi kan profilere Noreg som destinasjon under Showcase Scotland. Vi ynskjer fokus på norsk musikk og eksport av denne, men vil også gjerne sette ei ”norsk” ramme rundt Spotlight Norway.
Andre samarbeidspartnarar er Sogn og Fjordane fylkeskommune som har ansvar for det norske seminaret. Førdefestivalen bidrar med kunstnarleg rådgjeving, og fungerar som kommentator på idear til planlegging og gjennomføring. Folkelarm er den nordiske varianten av Showcase Scotland og er ved sidan av Norsk folkemusikkformidling den aktøren som aktivt arbeider mot ein internasjonale bransje. Saman har vi eit breitt nedslagsfelt og samarbeider tett om eksport av norsk musikk.
Spotlight Norway vert støtta av:
![]() |
|
|