I fredsæle Hjartdal er det tett og ope på same tid. Det er tett av skog, tette formasjonar som gjer det lett å danna seg bilete av troll og skrømt på kveldstid. Men fjella skapar opning; den sparsame utbygginga gjev inntrykk av opne rom.

Hjartdal er heime for Ingvill Marit Buen Garnås. Her bur ho med mannen, Arnt Magne og med ungane Magnhild og Levor. Her har ho arbeid som dagleg leiar av Kulturlandskapssenteret, herifrå er det ho reiser når ho syng.

Støvlar og sko i gangen vitnar om eit aktivt familieliv, ein hund helsar oss velkomen i tunet. Elles er det stille formiddag på bruket når me kjem. Ingvill inviterer inn, serverer brød og kaffi. Sidan set me oss inn i stova og snakkar – heile tida har eg med meg minnet om uttrykket på hennar og broren Per Anders si nyaste plate, ”Salme, segn & solbøn”.

Plata er fylt av forteljingar, om folk og folkeliv. Framfor alt finst ynsket om godt vêr, som ein gong sette føresetnaden for tilværet, den gongen då enga var alt for folket. Ingvill si stemme appellerer både til Line – ei av Frigg sine tolv åsynjer – og til jomfru Maria om godvilje for vêret. Denne samanblandinga av kristne og heidenske religionar formidlar Ingvill med naturleg overtyding: Paradoksa i tradisjonen er der, verde å ta vare på.

I Hjartdal sit me altså i ei stove og snakkar. Når me etter kvart flyttar ut til enga og Ingvill ser ut over det opne landskapet, er det som om ho legg vinn på å illustrera skapnadene ho syng om. Eg tenkjer meg at ho eig tradisjonane, og ikkje minst, all verdsens ro.

Det staute, men definitivt milde uttrykket stemmer ikkje med bileta ein måtte danna seg etter meiningssterke innlegg, der temperaturen er høg og meiningsmotstandarar bør vara seg for å trø feil.

” Eg har ofte undra meg over at ein ikkje eigentleg kan diskutera sak i dette landet ”

Så er ikkje det å vera sinna noko ho går inn for heller.

- Eg har ofte undra meg over at ein ikkje eigentleg kan diskutera sak i dette landet, seier ho. -Det er noko typisk norsk over det at ein i staden for å snakka om sjølve saka, diskuterer om ein i det heile kan diskutera emnet. Og når ein først seier kva ein meiner, vert det fort personleg. Folk vert såra heller enn å lytta til det som faktisk vert sagt.

Mengda av tilfang til bladet Folkemusikk etter Ingvill sine ytringar kring kappleiksdøming kan tyda på det. Her er høgt engasjement. Meiningsmotstandarar lèt seg provosera og vil ikkje falla til ro. Og det er ikkje første gongen Ingvill har reist debatt. Med tanke på evna til å setja dagsorden – og mengda av reaksjonar – skulle ein tru at Ingvill har vore deltakande utøvar i miljøet i all den tid.

folkemusikk__logo_sort

Slik er det ikkje. Sjølv om Ingvill er vaksen opp midt i folkemusikksmørauga – med mor Agnes Buen Garnås og onklane Hauk og Knut Buen – var ho ikkje barnet som vart drilla gjennom kappleikar og konsertering i oppveksten. Rett nok har ho alltid vore glad i å dansa og var tidleg å sjå som kappleiksdansar. Men fele byrja ho først å spela i 8. klasse.

” Eg har valt å vera allsidig. Eg er for rastlaus til å halda på med berre ein ting om gongen”

- Eg innsåg etter nokre år at eg ikkje har tolmodet til å bli spelemann, smiler Ingvill og innrømmer at ho spelar litt for seg sjølv i ny og ne.

Men det skulle gå atter fleire år, før ho 23 år gamal deltok på kappleik som kvedar for første gong.

- Det var forferdeleg, ei verkeleg lei ”ut av kroppen”-oppleving. Eg var heilt likbleik, minnest Ingvill.

Bak det sindige ytret finst det altså eit menneske som godt veit kva det vil seia å ikkje tora ytra seg. Uttrykksbehovet har alltid vore der, men det har ikkje alltid vore like naturleg å skulle prestera framfor folk.

Foto: Laila Meyrick/Velour.no

Far til Ingvill har fortalt at han som ung hadde noko av den same redsla for å målbera seg i forsamlingar. Ei slik endefram utsegn har vore til stønad for Ingvill – likeins vissa om at songen kan nyttast like mykje privat som i det offentlege rommet. Slik eitt av fleire førebilete, mormor Margit Buen, song seg gjennom mang ei sorg.

- Ein dag strauk ho håret mitt bort frå panna og sa: ”Syng du da Ingvill?”. ”Ja, eg gjer da det”, svarte eg. ”Ja, men det er bra for deg, det”, sa ho.

Å makta å ytra seg på scena var ein kamp. I dag har Ingvill vunne kappleiken fleire gonger og fører seg med ein tryggleik som er gjennomført. Som utøvar kjenner ho seg dessutan fri ut frå det at ho har fleire bein å stå på. Ingvill er utdanna naturforvaltar frå Landbrukshøgskulen på Ås og har funne den ideelle måten å kombinera to utfyllande interesser i arbeidet med kulturlandskap.

Ein kvardag for Ingvill kan såleis romma både føredrag om matvaresikkerheit, kurs i dans og barnehagebesøk med segner om landskap og levesett. Det yrer av kultur ikring henne, og eg rosar den rike, tradisjonsberande kvardagen.

- Men det er skjørt alt saman, seier Ingvill og peikar på at fylket, sjølv om det er sett på som eitt av dei sterkaste områda for folkemusikk, er svært avhengig av innsatsen frå kvar enkelt.

At ho sjølv skal bidra, opplever ho som udiskutabelt. På kva måte vil derimot variera: Ingvill er nyfiken på kva livet kan by på.

- Ein seier jo at den som står på for mange føter, lett forskrevar seg. Men eg har valt å vera allsidig. Eg er for rastlaus til å halda på med berre ein ting om gongen.

Dette portrettet står óg på trykk i den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk. Andre og siste del av intervjuet kan du lese på Folkemusikk.no i morgon.