VEDTEKTSFORSLAG FRÅ IVAR SCHJØLBERG
Namn: Folkemusikklaget? Norsk folkemusikkforbund? Noregs folkemusikklag?
Forslag til nye vedtekter:
§ 1
Folkemusikklaget er ein landsomfattande organisasjon. Han skal arbeide for å dyrke, styrke og fremje dei norske tradisjonane innan song, spel og dans.
§ 2
Dei som stør føremålet til organisasjonen, kan bli medlemmer.
§3
Medlemmene i organisasjonen står tilslutta gjennom lokale lag. Medlemskap kan teiknast sentralt der det ikkje finst lokallag. Organisasjonar og institusjonar kan også bli tekne opp som medlemmer. Der det ligg til rette, skal lokallaga organisere seg i områdelag.
§4
Medlemmene arbeider primært for føremålet i sine lokale lag, men også områdelaga og organisasjonen sentralt kan gjera tiltak som gagnar føremålet. Medlemmene kan også danne interessegrupper på tvers av organisasjonsstrukturen for i arbeide med spesialinteresser innan føremålet.
§ 5
Organisasjonen skal stå tilslutta Norsk musikkråd.
§ 6
Årsmøtet i Folkemusikklaget er det høgste organet i organisasjonen. Det skal haldast kvart år innan utgangen av april. Omframt årsmøte skal haldast når styret finn det nødvendig, eller når ein tredel av edlemslaga krev det. Reglane for slikt møte er som for vanleg årsmøte.
§ 7
Til å arbeide for føremålet vel årsmøtet eit styre. Styret skal arbeide med oppgåver i samsvar med lovene, føremål og årsmøtevedtak. Styret kan også tilsetje folk til å ta seg av ulike oppgåver, der ein av dei tilsette er kontorleiar. Styret godkjenner medlemskap, lover for lokallag og områdelag, førebur årsmøtesaker og tek avgjerd i alle saker som ikkje er tillagt årsmotet.
Styreleiaren teiknar organisasjonen. Styret kan delegere prokura. Styreleiaren, nestleiaren og kontorleiaren utgjer eit arbeidsutval. Styret er vedtaksført når 4 medlemmer eller varafolk er til stades. Styret fører vedtaksprotokoll. Kontorleiaren er sekretær for styret og arbeidsutvalet.
§ 8
Styret fastset tid og stad for årsmøtet og informerer om dette seinast 6 månader før årsmøtet finn stad. Innkalling og sakspapir skal sendast ut seinast 3 veker før møtet. Medlemmer eller lag som vil ha saker opp på årsmøtet, sender desse til styret innan utgangen av februar.
§ 9
Følgjande representantar utgjer årsmøtet:
- lokale lag. Kvart lag har rett til ein utsending om laget har mindre enn 50 medlemmer, to
- utsendingar opp til 100 medlemmer og tre utsendingar over 100 medlemmer.
- områdelag, ein utsending kvar.
- organisasjonar eller institusjonar, ein utsending kvar.
- Styret og vararepresentant, om det er fråfall i styret.
- Alle medlemmene og dei tilsette har talerett på årsmøtet.
- Styret har ikkje stemmerett på handsaming av årsmelding, rekneskap og val av revisor.
§ 10
Årsmøtet handsamar
- årsmelding
- rekneskap
- prinsipprogram og arbeidsprogram
- budsjett
- fastsetjing av medlemspengar
- oppnemning av revisor
- innkomne saker
- val av tillitsfolk
Alle saker unnateke val følgjer kalenderåret. Årsmøtet fører vedtaksprotokoll.
§ 11
Val av tillitsfolk.
- Årsmøtet vel eit styre på 5 personar. Styreleiaren blir vald for eitt år, dei andre i styret for to år, slik at to av styremedlemmene star på val kvart år. Styret vel nestleiaren.
- Årsmøtet vel ei tilsynsnemnd på tre medlemmer. Tilsynsnemnda ser til at styrevedtaka ligg innafor lover, budsjett og arbeids- og prinsipprogram. Ho rapporterer til årsmøtet. Ein medlem er på val kvart år.
- Årsmøtet vel ei valnemnd på tre personar, slik at ein i valnemnda er på val kvart år.
§ 12
Styret kan utnemne til heidersmedlem den som har arbeidd særleg godt og lenge for lagsføremålet. Heidersmedlem skal ha synleg prov på æra og gå fritt på alle tilstellingar skipa til av Folkemusikklaget.
§ 13
Årsmøtet kan endre lovene med to tredels fleirtal. Årsmøtet kan handsame berre saker som ligg føre i sakspapira.
§ 14
Eit årsmøte kan med to tredels fleirtal avgjera at laget skal leggjast ned. Det same årsmøtet avgjer korleis eventuelle eigedelar skal disponerast.
Desse forslaga til endringer vert ei eiga sak under årsmøtet i FolkOrg til helga. Her kan du lese vedtektene i FolkOrg slik dei er utforma i dag. I den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk kan du lese ein større orientering frå Ivar Schjølberg, der han skriv om bakgrunnen for dette framlegget.