Under skipingsmøtet i Drammen i fjor haust vart Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg stifta som ei samanslutning av dei to laga Landslaget for Spelemenn og Norsk Folkemusikk- og Danselag. Namnet var førebels, og nøyaktig eitt år etter skipinga vart det nye namnet FolkOrg - organisasjon for folkemusikk og folkedans endeleg vedteke under årsmøtet laurdag.
Foto: Eivind Kaasin
RØYSTING: Foto: Eivind Kaasin

Rekordmange delegatar

Omlag 100 utsendingar frå lokale spelemannslag, regionlag og fleire yrkesutøvarar innan folkemusikk og – dans hadde teke turen til Bergen for å drøfte organisasjonen si framtid denne helga. Dette er langt fleire enn tidlegare, og styreleiar Maria Høgetveit Berg er særs nøgd med oppmøtet og engasjementet.



- Dette syner at det er eit stort engasjement for det vi driv med, og for folkemusikken og folkedansen spesielt. Dette har vore eit veldig positivt årsmøte med ein konstruktiv og velviljug møtelyd. 

Føremålet uendra


I tillegg til endring av namnet vart også føremålsparagrafen teke opp til vurdering. Det vart gjort fleire framlegg om endringar i føremålet, men ingen av framlegga nådde opp. Dermed vart føremålsparagrafen, der FolkOrg skal arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke deira rolle og vilkår i samfunnet, ståande uendra.

Det vart gjort fleire justeringar i vedtektene og elles, og folkemusikk.no kjem tilbake med ei meir utfyllande sak om vedtaka som vart gjort i årsmøtet. 

unknown
ATTVAL: Nils Øyvind Bergset tok attval som nestleiar i FolkOrg. Foto: Eivind Kaasin

Fekk fornya tillit

Styreleiar Maria Høgetveit Berg fekk saman med resten av styret fornya tillit frå årsmøtet. Dei einaste endringane i styret var andre varamedlem Marte Frihetsli som gjekk ut av styret, og inn kom Helene Myklemyr Bolstad. Dessutan vart Solbjørg Tveiten vald til nestleiar, medan tidlegare nestleiar Åshild Vetrhus vart vald inn som styremedlem.

- Vi set stor pris på den tilliten me har fått frå årsmøtet, og ser fram til å ta tak i dei oppgåvene som no står framfor oss, seier Høgetveit Berg.

Som følgje av vedtektsendringar i organisasjonen vert neste årsmøte i FolkOrg allereie i april.


>> Sjå kven som  sit i styret i FolkOrg



Folkemusikk.no kjem tilbake med meir informasjon om årsmøtet.



FolkOrg - organisasjon for folkemusikk og folkedans har som formål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Norge ved å styrke deres rolle og vilkår i samfunnet. Organisasjonen ble stiftet 21. november 2009 som en sammenslutning av Landslaget for Spelemenn (stiftet 1923) og Norsk Folkemusikk- og Danselag (stiftet 1987).