Samspel med to feler er for mange spelemenn den optimale samspelforma. Det er som ein samtale. Den eine spør, den andre svarar, eggar kvarandre opp, roar seg, kranglar, trøystar og skrattar høgt saman. Møter i klangane, som ei forelsking, som ein dans ein ikkje vil skal ta slutt. Det er ein fortrulig leik som krev årvakne øyrer og nysgjerrig ope sinn. Det er respekt og tillit. Erlend Viken og Aslak O. Brimi leikar godt saman - du høyrer nesten kor dei smiler av krafta frå kvarandres feler, du kjenner kor dynamikken bølgjer frå bogedrag til bogedrag. Erlend som den leikande stemmespeleren, Aslak med personlige variantar som i møtet får ekstra kraft.

Slik omtalar musikaren Sigrid Moldestad samspelet mellom dei to, og musikken frå deira fyrste album ”Duo”. Albumet vart spela inn på Viavang aust i Jotunheimen og vart lansert i vår, til særs gode meldingar frå pressa. Under Folkelarm i september vann dei Folkelarmprisen for albumet ”Duo”, i klassa for gamaldans/tradisjonalist.

No legg dei ut på turné i regi av den norske folkemusikkscena.

TURNÉRUTE

 

Fredag 6.nov:         Førde, Sunnfjord Museum

Laurdag 7.nov:       Flåm, Flåm samfunnshus

Sundag 8.nov:        Fagernes, Fagerlund

Tysdag 10.nov:      Ål, Ål Kulturhus

Onsdag 11.nov:      Rauland, Årestoga

Torsdag 12.nov:     Hundorp / Sør Fron, Rudi Gard

Fredag 13.nov:       Vågå, Vågå Hotell

Laurdag 14.nov:     Sälen, NORD 09 (Sverige)

 

Platemeldingar "Duo"


Aftenposten: "Durabelig samspill" (terningkast 5)
Adresseavisa: ”Elegant samspill” (terningkast 5)
GD: "Brimieffekten" (terningkast 5)

Dagsavisen ”Denne plata er et festmåltid”
Vårt Land:  ”Dette er musikk som får deg til å danse i dyp snø’