Frå og med tysdag får fem folkemusikkscener rundt om i landet besøk av den amerikanske folkemusikkartisten i samspel med norske tradisjonsmusikarar.

- Bruce Molsky er ein artist av stort internasjonalt format, og er ein glimrande soloutøvar på fele, gitar, banjo og song, som me er svært stolte av å kunne presentere for det norske publikummet, seier prosjektleiar for Den Norske Folkemusikkscena Asgaut Bakken

Molsky jobbar med Old-time musikken fra Appalachene og Mississippi Delta Blues, men er også sterkt inspirert av irsk og skandinavisk folkemusikk, samt Øst-Europeisk folkemusikk. I Noreg er han mest kjend for samarbeidet med Annbjørg Lien på hennar plate ”Waltz with me” som òg var tingingsverk til Telemarkfestivalen i 2007. Med på Noregsturneen har han felespelar Annbjørg Lien i tillegg til multiinstrumentalisten Ånon Egeland.

- Bruce Molsky, Annbjørg Lien og Ånon Egeland er unge ”old-timers” frå kvar sin kant av atlanteren. Dei er alle genuint opptekne av det tradisjonelle uttrykket i musikken, men samstundes på evig jakt etter det leikande og improvisatoriske. Dei har møtt kvarandre nokre gonger tidlegare, men har aldri før turnert saman, avsluttar Bakken.

Turneen startar i Sandefjord tysdag, og held fram med Bø, Oslo, og Voss, før den sluttar med festkonsert i Bergen laurdag 27. februar saman med gruppene Kvarts og Bergen Mandolinband.

 

TURNÉRUTE
 

Tysdag 23.02: Sandefjord, Café Cordelia
 

m/ Ånon Egeland

Onsdag 24.02: Bø, Vertshuset
  m/ Ånon Egeland og Annbjørg Lien
Torsdag 25.02: Oslo. Riksscenen
  m/ Ånon Egeland og Annbjørg Lien
Fredag 26.02: Voss, Café Stationen
  m/ Annbjørg Lien
Laurdag 27.02:

Bergen, Fensal

  m/ Annbjørg Lien

  

Bruce Molsky er fødd i New York i 1955 og har spelt med dei fremste formidlarane av tradisjonsmusikk i verda. Han har medverka i Transatlantic sessions m/Aly Bain, er medlem av gruppene Mosaik og Fiddlers4, og er ein glimrande soloutøvar på fele, gitar, banjo og song. I Noreg er han mest kjend for samarbeidet med Annbjørg Lien på hennar plate ”Waltz with me” som òg var tingingsverk til Telemarkfestivalen i 2007. Bruce Molsky har gjeve ut til saman seks soloplater og medverka på eit uttal andre.
www.myspace.com/brucemolsky

Annbjørg Lien er ei av våre fremste felespillere. Ho har solid forankring i tradisjonsmusikken, men kryssar stadig nye musikalske grenser. Ho er medlem av grupper som Bukkene Bruse og String Sisters og har medverka på utgjevingane til bl.a. The Chieftains og Loreena McKennitts. I 2007 stod ho for tingingsgsverket ”Waltz with me”, til Telemarkfestivalen i samarbeid med mellom anna Bruce Molsky. For tida er ho aktuell med plata Come Home, saman med Bjørn Ole Rasch på trøorgel.
www.myspace.com/annbjorglien

Ånon Egeland er fødd i Oslo i 1954 og er inspirasjonskjelde for mange folkemusikarar i både inn- og utland. Han trakterer fele, hardingfele, munnharpe og seljefløyte på høgt nivå samt ein mengd andre instrument frå heile verda. Han har grave fram mengder av låtar frå Agderfylka som har glide rett inn i repertoaret til grupper som Harv, Groupa og Outhouse Allstars frå Sverige. I 1977 fekk Ånon spelemannsprisen for plata ”I Heitaste Slåtten” og han har seinare medverka på ein mengd plater. For tida arbeider han som lærar på folkemusikkstudiet i Rauland under Høgskulen i Telemark.
www.myspace.com/aanonegeland