Arne M. Sølvberg var fylkesmusikar i Sogn og Fjordane frå 1989 til 1994, og fekk deretter deltidsstilling som felelærar i Stryn kulturskule. Han har i to periodar hatt Statens kunstnarstipend med til saman fem år. Han er òg vikar i kulturskulen i Eid, og har elevar ved Firda vidaregåande skule.
Elles har han stått bak tallause konsertar, og har hatt kurs både i inn- og utland. Han har spela inn fleire plater, både LP og CD. I 1996 vann han Spellemannprisen for soloplata ”Nordfjordslåttar”. Dei siste 30 åra har han leia det aktive spelemannslaget Fjelljom.
- Eg driv ikkje med folkemusikk for å ta vare på tradisjon. Dette er min musikk. Det er desse slåttane eg likar. Beatles hadde ingen appell til meg, seier han.
Spelemann og dansar
Sølvberg er til vanleg sauebonde på Sølvberg i Stryn kommune. Han var i ein periode på åtte år i Forsvaret, med Norges Idrettshøgskule som militær elev og deretter teneste som idrettsoffiser i Luftforsvaret fram til 1979. Då flytte han heim og overtok farsgarden, skriv Sunnmørsposten i dag.
Arne M. Sølvberg har elles mange topplasseringar på kappleikar, både på vanleg fele og hardingfele. I 1989 vann han også Landskappleiken i 1989 på vanleg fele.
Han har motteke kulturprisen for Stryn kommune 1994, Sogn og Fjordane ungdomslag sin ærespris i 2000 og Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane i 2006. Han har òg vore leiar for Rådet for folkemusikk og folkedans.
- Dans og musikk har gitt billett til eit rikt liv. Vi har fått vere med på kolossalt mykje. Det har vore oppdrag både i Amerika, Italia og Sveits. Ja, til og med kurs i Nordfjordspringar i England, seier han til lokalavisa. Han har jamvel vore på catwalken med fela si for Moods of Norway.
- Ikkje uroa for folkemusikken
Saman med Kona Asbjørg har han òg drive opplæring av unge dansarar i regi av Fjelli ungdomslag, der begge er heidersmedlemer. Saman gjekk dei til topps i dans på Landskappleiken 2004.
- Dei tre borna har alle teke vare på og dyrkar arven innan spel og dans, skriv Sunnmørsposten.
- Eg er ikkje uroa for musikken. Det er fleire unge som spelar no enn for 50 år sidan då eg begynte. Men mykje av musikken vi spelar er laga for dans, og den vanlege kunnskapen om dans er skrøpeleg. Frampå natta er det mange som har lyst til å danse, men vi ser at dei manglar kunnskap, seier jubilanten.
Laurdag skal dagen feiras med konsert i ungdomshuset Fjellvarden, der jubilanten og gjester skal framføre slåttar han har komponert det siste tiåret.
I seinare år har Arne M. Sølvberg gjeve ut desse platene:
- Syngande strenger (1990) Med Øyvind Lyslo
- Nordfjordslåttar (1996)
- Kveik (2005)
Interesserte kan høyre noko av musikken hans ved å gå til denne sida hos Musikkonline.no.