Omlag 65 born og unge frå heile fylket deltok på årets Smørbukk-kappleik, og det var mange flotte og kreative innslag på kappleiken.

På Smørbukk-kappleiken er alle vinnarar, og deltakarane fekk premie i form av Smørbukk-karamellar og raus applaus.

Smørbukk-juryen, i år samansett av Aslak Johnsen, Mari Andrea Ness og Ottar Nedrebø, hadde ikkje nokon lett jobb då dei skulle kåre:
 

  • Årets Smørbukk: Hardingfelespelar Mathilde Skjæret frå Jostedal
  • Årets sjarmør og humørspreiar: Songarane i "Krudlalaget" i Gaupne
  • Årets mest morosame innslag: Koret "Kaupedalen" frå Kaupanger og Sogndalsdalen
  • Årets beste kostyme: Felespelarane i Aurland musikk- og kulturskule
  • Årets beste nylaga song: Songarane Eirik Aa Albretsen og Oddbjørn Litlabø

 Trykk her for å sjå video på årets beste nylaga song!

 Smørbukk-kappleiken 2011 var sponsa av  Norsk Barneblad, Lerum og Førdefestivalen. Du kan besøke Sogn og Fjordane Folkemusikklag sine heimesider her.