Årsmøtet 2011 var det andre ordinære årsmøtet i FolkOrg- - organisasjon for folkemusikk og folkedans. Møtet på Rørsos samla rundt 65 deltakarar frå heile landet, og hadde også gjestar frå Norsk Kvedarforum og Ringerike Folkedansgruppe.

- Eg må berre seie at det var ei triveleg helg, og eit vellukka årsmøte, seier Linda Dyrnes, som har vore dagleg leiar sidan i fjor haust. – Arrangørane på Røros hadde lagt godt til rette, med musikalske innslag under sjølve møtet, og med lokal musikk og dans om kvelden.

I fjor var årsmøtet lagt til Bergen. No var det eit solfyld Røros som tok i mot utsendingane frå lokallag, fylkeslag og administrasjonen.

- Eg synes det er flott at vi kjem oss rundt i landet, og får eit ekstra innblikk i det som rører seg lokalt. Det er heilt klart inspirerande for oss å oppleve det levande miljøet for folkemusikk og folkedans som ein stad som Røros kan by på.

Linda Dyrnes er òg godt nøgd med sjølve arrangementet.

- Det var stort engasjement i salen, og mange som tok ordet. Om alle hadde vore einige, hadde jo heller ikkje  organisasjonen kome seg framover. Vi har med dyktige folk som verkeleg brenn for folkemusikken og folkedansen, noko eg set stor pris på.

Oppmøtet på Røros var litt mindre enn i Bergen, noko som kanskje skuldast at det berre er gått eit halvt år sidan førre årsmøte. I tillegg vart det arrangert eit større seminar, som m.a. tok for seg informasjonsarbeidet i FolkOrg og endringar i tevlingsreglementet.

Styret i FolkOrg vart attvald med stor akklamasjon. Den einaste endringa i samansetninga av styret var at Mari Skeie Ljones gjekk inn som ny nestleiar, etter at Solbjørg Tveiten takka for seg.

- Eg er glad for at heile styret får halde fram. Dei har gjort ein god innsats, samstundes som vi har behov for kontinuitet. Vi er framleis ein ung organisasjon med mange nye tilsette. Tilliten til styret gjev oss tid til å få organisasjonen enda meir på plass.Årsmøte på Røros, 2011

Det sosiale samværet på kvelden var i regi av Røros Folkedanslag. Folkemusikk.no kjem tilbake med fleire nyhende frå årsmøtet den komande veka.