Tekst: Ida Habbestad, Bladet Folkemusikk

- Problemet til kulturskulen er todelt. For det første har han mange oppdrag. Ein skal ta vare på talenta, leggja til rettes for ensemblespel, og ikkje minst oppfordra til å gje større rom for andre kunstfag. Det seier seg sjølv at skulane ikkje får til alt på ein gong.

- Kulturskulen er dessutan eit frivillig tilbod. 16,6 % av norske born går i kulturskulen. Av desse att er det få som vel folkemusikk. Om ein meiner at alle barn burde læra om folkemusikk – norsk eller utanlandsk, er kulturskulen marginal. Kanskje burde ein leggja vekt på å få dette som obligatorisk del av lærarutdanninga.

Om me held oss til kulturskulen: Har Norsk kulturskoleråd noka formeining om i kva grad folkemusikken bør vera del av tilbodet?

- Kulturskulerådet har inga instruksjonsmyndigheit ovanfor kulturskulane. Kvar enkelt kommune definerer tilbodet sitt innanfor ramma av at dei skal ha ein kulturskule.

- Når det er sagt, meiner eg det er viktig at kulturskulen òg er tradisjonsberar. I møte med andre kulturelle identitetar er det viktig at me i Noreg veit kva som er vår identitet; kva me vert utfordra på i møte med noko me kanskje opplever som framand. Like viktig er det at me inkluderer andre sine kulturelle uttrykk som del av det me er opptekne av i Noreg.

- Tradisjonelt har me lagt vekt på å måla mellom sjangrar; om klassisk, jazz, folkemusikk eller andre har dei beste vilkåra. Eg trur folkemusikken og dansen kunne vore tent med å sjå på seg sjølv som noko anna og større enn ein sjanger, avsluttar ho. 

Nokre fakta om folkemusikk i kulturskulen

• Rapporten ”Folkemusikk og folkedans i kulturskolen. En undersøkelse av dagens situasjon” vart utgjeven i 2008. Rapporten tek føre seg norsk folkemusikk og folkedans.

• 42,4 % av skulane rapporterte at dei hadde eit tilbod i folkemusikk, 4,4 % tilbydde folkedans.

• Flest kulturskular nemnde mangel på etterspørsel som årsak til eit manglande tilbod. Dernest kom mangel på lærarar og tradisjon. Økonomi kom først på fjerdeplass.

• Det finst inga oppdatert oversikt over tilbodet av utanlandsk folkemusikk og dans på landsbasis.

• Noregs musikkhøgskole har ikkje noko eige studieprogram for utanlandsk folkemusikk, men har lagt til rette for eit tilbod gjennom det frie kandidatstudiet. For tida er det ein student som nyttar dette tilbodet.

Artikkelen sto opphaveleg på trykk i Bladet Folkemusikk, nr. 5, som kom ut rett før jol. Folkemusikk.no vil denne veka bringe fleire artiklar rundt dette emnet, og tar gjerne imot innspel frå lesarane.