Om lag 15 personar hadde sett av tid til seminaret i ei hektisk Folkelarm-helg. Renée Rasmussen, forbundsleiar i Musikernes Fellesorganisasjon (MfO) og Håkon Kornstad, styremedlem i Norsk Jazzforum saman med styreleiar i NFD Åshild Vetrhus, innleidde til ei informativt og positivt møte.

Musikar Håkon Kornstad fortalte om sin bakgrunn som musikar, prosessane som førde til etableringa av Norsk Jazzforum, samt nokre av dei prosjekta som han har hatt nytte av frå organisasjon. Kornstad presiserte at det er viktig for musikarane at organisasjonen er open og synleg slik at utøvarane og medlemene veit kva organisasjonen arbeider med, og korleis dei kan ha nytte av organisasjonen.

Vidare snakka styreleiar Åshild Vetrhus om organisasjonsprosessen til no. Med utgangspunkt i framlegget til vedtekter og yrkesutøvarane sin posisjon i dette, trakk ho opp ei rekke problemstillingar knytt til yrkesutøvarane;

Kva er ein yrkesutøvar, og kva skil desse frå andre utøvarar? Kva for særskilte behov har desse? Og kva forventningar hadde ein til ein ny organisasjon?

Fleire meinte at alle som sjølv reknar seg som ein utøvar må få vere med i ei eventuell gruppe eller forum for yrkesutøvarar i ein ny organisasjon. Det var òg eit samla ønskje om at organisasjonen må vere open og romsleg, og at ei viktig gruppe som musikk- og dansepedagogane òg må inkluderast i organisasjonen.

I samband med arbeidet for yrkesutøvarane, meinte fleire det var viktig å trekke klare skiljeliner mellom utøvarorganisasjonen og fagforeiningar, og definere kva for sjangerspesifikke behov målgruppa har. Vidare vart det uttrykt eit ønskje om at organisasjonen skulle bidra til ei sterkare synleggjering av folkemusikken og folkedansen både i media og generelt i samfunnet. Enkelte ønskte også at organisasjonen skulle bidra med promotering og marknadsføring.

Organisasjonskomiteen og styremedlemmene som var til stades på møtet fekk gode innspel til det vidare arbeidet med vedtekter og prinsipp- og arbeidsprogram.