-- Vi har dei store linene klare, men vi har mykje arbeid framfor oss. Ei av oppgåvene er huke tak i nok dugnadsfolk. Når kappleiken er over, reknar eg med at vi har hatt minst 500 folk i arbeid.

-- Er det lett å få med seg frivillige?

-- Vi har ein god skog å rekruttere frå. Voss er ei bygd som veit kva det vil seie å arrangere. Her skjer det noko heile tida. Men det er mogleg for alle å melde seg sjølv til dugnadsarbeid på heimesida vår.

-- Blir det noko nytt i tevlingane då? Tek de med dykk erfaringar frå NM på Geilo i fjor?

-- I prinsippet nyttar vi standard kappleikssystem, men noko nytt blir det. Vi slår saman lagspel hardingfele og fele. I tillegg blir det fleire finalar og pengepremiar i fleire klassar. Det er enno ikkje bestemt kva klasse dette gjeld, men det blir kunngjort i god tid.

-- Under Landskappleiken på Voss i 2000 tok de i bruk Nain som tevlingsarena. Ganske vellukka, ikkje minst at ein fekk tevle akustisk. Blir det tevling i Nain også i år?

-- Ja, det blir det. Vi fekk mange brev den gongen frå deltakarar og andre som var nøgde med lokalet og lyden. Det er få sitjeplassar her, men vi køyrer tevling mellom anna i eldre folkemusikkinstrument og noko kveding.

-- Og resten av tevlingane?

-- Vi har idrettshallen og i tillegg ein ny stor sal: Vossasalen på Park Hotel Vossevangen, kappleikshotellet vårt. Alt ligg innanfor rusleavstand. Og det store kappleiksteltet finn du vis-à-vis idrettshallen.

-- Sigbjørn Bernhoft Osa ville vore 100 år i år. Og far hans, Lars, 150 år. Blir det Osa-markeringar?

-- Jau, då. Osa pregar festivalen med fleire småpunkt, mellom anna eit barne- og familieprogram: ”Då Osa var liten.” Vidare blir det konsert i Sævelid, heimen til Osa, som tek utgangspunkt i at både Osa og Ole Bull jubilerer i år. Dette blir også ei markering av far til Sigbjørn, Lars Osa, med ei utstilling på Voss Folkemuseum.

-- Kva gjer de for å lukkast med økonomien?

-- Vi vil skape gode miljø rundt eigne arrangement, særleg rundt kappleiksteltet. Vi meiner også å ha gunstige innkjøpsordningar med lokalt næringsliv. Vi er forsiktige med økonomien, men utan at det går utover kvaliteten for utøvarar og publikum. Budsjettdisiplin er viktig.

-- Frode Borge, du er leiar for Voss Spelemannslag Kva slags effekt har det for folkemusikkmiljøet på Voss å skipe til landskappleik, trur du?

-- Det er sjølvsagt mykje arbeid å gjennomføre eit slik arrangement, men mykje moro òg. Vi er ikkje så mange aktive i laget til vanleg, men ved eit slikt høve lyt vi sjølvsagt hanka inn medhjelparar på breiare basis. Det er ofte dei mest trufaste som tek dei tyngste taka heile tida, og ein lyt passe seg litt for ikkje å brenne ut folk. Samtidig er det eit glimrande høve til å engasjere passive medlemer og knyte tettare band i førebuing og gjennomføring.

Frå bladet Folkemusikk: 1/2010
Tekst: Knut Aastad Bråten. Foto: Velour.no