Meråkerklarinetten_emcd
Reint musikalsk blir ein slik dokumentasjon som denne litt spesiell. Eg trur nok at dei fleste vil ha større glede av musikken dersom dei nyt han i mindre dosar. Dette skuldast at meråkerklarinetten for eit øyre som er vant med tempererte tonar, kan vera ei lita utfordring å lytte til. I og med at instrumenta ikkje har nokon felles produksjonsmal når det gjeld grunntone og skala, så må slåttane tilpassast kvart enkelt instrument. Variasjonen er ganske stor. Nokre av instrumenta ligg nær opp til ein temperert skala, andre har ein personleg og nokså eksotisk skala. Problema dette skaper, kjem særleg til syne i samspel, men eg vil seia at utøvarane har greidd å gøyme bort desse problema og gjera dei lite merkbare. Dette skuldast ikkje minst Einar Olav Larsen og Gjermund Larsen som deltek på feler og piano. Det gjer produksjonen meir lyttevenleg enn han elles ville ha vore. Fleire av slåttane har høgt musikalsk nivå. Meråkerklarinetten forsvarar utan tvil plassen sin blant folkemusikkinstrumenta. Brukt som soloinstrument vil eg trekkja fram "Stigerslått nr. 1", eit paradenummer for Geir Egil Larsen. Samspelet held ògg eit svært høgt nivå, som til dømes "Salmetone" etter Hilmar Alexandersen og "Stigerslått nr 3". Slåttane "Nils Ola-låten" og "Halling frå Meråker" fungerer òg fint, ikkje minst på grunn av pianokompet, som gjev klarinetten større rom intonasjonsmessig. Samspelet med feler er på sitt beste i "Selbupols" og "Ørsalpols" etter Hilmar Alexandersen. Dette er ein viktig produksjon for bibliotek, utdanningsinstitusjonar og arkiv, men òg for dei som vil ha ei komplett CD-samling av norsk folkemusikk. Lydhagen Studio, Verdal og Tony Waade har gjort eit godt arbeid med den tekniske sida av produksjonen. Arne Moslåtten ------------- Viktig Meråkerklarinetten Larsen/Aksdal Etnisk Musikklubb