Kronikk i siste nummeret av bladet Folkemusikk, nr. 01/12, av Sten Nilssen, medarbeider i magasinet KUNST PLUSS.

**

Kva er folkemusikk? Eller kva er det ikkje? Er det naudsynt med definisjonar? I Noreg er vi heldige som har ein lang tradisjon med spelemenn og spelekvinner som har fungert som læremeistrar for komande generasjonar av folkemusikarar. Vi har ein rik og levande tradisjon som vi kan hauste av.

Spørsmålet om kva folkemusikk er, vert stilt av Scott Alarik, ein amerikansk forfattar og musikar med folkemusikk som spesialfelt. Men ein kan kanskje ikkje setje om omgrepet folkemusikk innanfor den amerikanske tradisjonen direkte til det vi i Noreg kallar folkemusikk.

Det er sjeldan ein høyrer om folkemusikk som har ein politisk ladd bodskap i Noreg i dag, i motsetnad til det ein til dømes til ein viss grad opplevde i 1960- og 1970-åra, sjølv om dei norske folkevisene frå eldre tider tematiserer politiske hendingar som stridande kongar, frendehemn og brurerov.

I Amerika gjenoppdaga ein ny generasjon i 1960-åra tradisjonsmusikken, og ein fann fram til personar som hadde vore aktive utøvarar i fleire titals år tidlegare. Dei kom fram i lyset att, og fleire av dei opplevde ein suksess som overgjekk det dei hadde vore i nærleiken av å oppleve tidlegare.

Scott Alarik seier at i løpet av nesten heile historia vår har folkemusikk vore den einaste musikken for enormt mange menneske overalt i verda. Berre den mest velståande eliten hadde tilgang til det vi kallar ”kunstmusikk” – musikk komponert og framført av profesjonelle musikarar.

Unntaket var omreisande musikarar, talentfulle nok til å skape seg karriere gjennom å opptre for andre folk, eller til og med skaffe seg engasjement hjå lågadelen. Men i all hovudsak oppstod musikken utan at han vart oppfatta som ein profesjon. Musikken vart til i ein endelaus syklus, ein prosess der læringa gjekk frå songar til songar, instrumentalist til instrumentalist, mellom generasjonar og kulturar (1).

Teknologien endra det meste med massetilverka musikkhefte produserte for massane, noteark for heimepiano og seinare grammofonplater, radio og TV. Ved å massetilverke musikken vart musikken gjord om til ei vare, som ein kunne få profitt på ved å selje han til folk. Industrien vart til populær- eller popmusikken.

Ein av personane Alarik intervjua, var den New York-baserte ”folkesongaren” Dave Van Ronk. Han seier: ”Det fyrste eg undrast på, er kven som eigentleg bryr seg. Omgrepet vert slengt omkring og fest til alle musikktypar, eg undrast på kvifor spørsmålet framleis vert sett fram. Omgrepet har vorte heilt meiningslaust. Eg trur at grunnen til at nokon ynskjer ein merkelapp, er at området har vorte så vidfemnande. Om eg vel å vere sneversynt, nemner eg den munnlege formidlinga, anonymiteten til opphavsmannen/kvinna; sjølve prosessen” (2).

Dave Van Ronk meinte at heile prosessen vert kortslutta etter kvart som konsum- og marknadskreftene røyvde seg inn på feltet. Dersom musikk av ulike grunnar slutta å eksistere i ein marknadsøkonomisk kontekst, ville han moglegvis vende tilbake og verte ein folkemusikk uavhengig av stil og ”sound”, meinte han.

Ifølgje Scott Alarik vart ikkje musikken skapt eller tilpassa for ein marknad, trendar eller ein kommersiell smak, men rett og slett for å uttrykkje det ein hadde på hjartet. Songane som har vorte ståande, er dei som på ein eller annan måte har nådd ned i djupet og greidd å uttrykkje noko universelt.

Den irske komponisten, harpisten og omreisande skalden Turlough O´ Carolan (1670–1738) fekk som 18-åring virussjukdomen koppar og vart etter dette blind. Ei historie fortel at han ved eit høve oppheldt seg på landet i eit hus, der også harpisten Cornelius Lyons, som Carolan respekterte, var til stades. Lyons overhøyrde ved eit tilfelle Carolan idet han jobba med ein ny melodi, og utan at Carolan visste det, memorerte han komposisjonen ned i detalj.

Carolan var ikkje berre elskverdig andsynes andre harpistar og skal ha nært ein særleg aversjon mot ein harpist som heitte Byrne. Morgonen etter agerte Lyons og ladyen i huset at dei såg Byrne komme opp vegen. Trass Carolans aversjon mot Byrne gjekk Lyons ut for å invitere han inn. Inne i huset att gav Lyons seg ut for å vere Byrne, sette seg, tok fram harpa og spelte Carolans nye komposisjon på ein radbrekkande måte.

Carolan byrja å danse av raseri og kravde å få vite kvar den påståtte Byrne hadde melodien ifrå. ”Au”, svarte Lyons og etterlikna stemma til Byrne: ”Eg har melodien frå førti år eller lenger attende.” ”Du er ein forbanna løgnar og ein skurk”, skreik Carolan. ”Var det djevelen som lærde deg den, har du den ikkje lenger frå enn i går kveld!” Carolan kravde at Byrne skulle verte dregen med og sett i gapestokken, og i vilt raseri retta han eit slag med stokken, som Lyons berre so vidt unngjekk før han avslørte alt, noko skalden mora seg lykkeleg over.

I boka Revival som kom ut i 2011, lèt Scott Alarik hovudpersonen Nathan Warren skildre det som skjedde med tradisjonsmusikken etter at plateindustrien tok til å dokumentere og offentleggjere musikken. Under ei førelesing for ein klasse som studerer folkemusikk på Harward University i Boston, fortel førelesaren om korleis prosessen stoppar opp så snart ein fikserer eit musikkstykke. Etter at originalversjonen vart publisert, teke copyright på og verna av lova, byrja folk å seie: ”Hei, du syng eller speler han ikkje rett! (3)”

Førelesaren seier vidare at i motsetnad til måleri, skulptur, film, romanar og dikt når ikkje tradisjonsmusikken ei fullkommen form. Tidlegare vandra melodien og teksten frå person til person, og han endra seg gradvis som ein stein som vert slipt i bekken. I motsetnad til andre kunst- og kulturuttrykk vert ein folkemelodi aldri ferdigstilt. Han eksisterer i ein konstant tilstand, der han vert gjenskapt, utvikla og endra.


(1) Scott Alarik, Deep Community, adventures in the moderen folk underground, 2003.
(2) Med ”Folk Process” meiner ein prosessen der folkemusikk, folkeeventyr og folklore vert vidareført munnleg frå ein person til ein annan eller frå generasjon til generasjon.
(3) Scott Alarik, Revival, A Folk Music Novel, 2011.

Artikkelen er henta frå den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk. Du kan lese meir om bladet på denne sida hos Folkemusikk.no.