Det bur ein gamal lengt under Lortebekken i Bø. Tre bruer kryssar bekken, og Anders går aldri over desse bruene utan å stoppe og stire ned i djupet. Det hender også at Lortebekk-auren stanar opp for å sjå etter ein gamal ven, eller uven, alt ettersom. Og iblant møtest kanskje blikka til fisk og fiskar, og då søkk det kanskje gjennom Anders eit minne om veker på Finnmarksvidda med fiskekompisar eller turar frå hytta på Ulvhildsete med stong og makk. Til kvardagen tek han lett i nakken og sender han vidare.

folkemusikk_logo_sort_smal

For dei siste åra har livet handla lite om fisk og mest om musikk. Om Sudan Dudan i lag med Marit Karlberg, om ulike bestillingsverk, om skuleturnear landet kring, om Hått og Piper on the roof. Om å varme opp for Odd Nordstoga og Valkyrien Allstars, om festivalar og konsertar, instrumentbygging, leiting i arkiva, opptak og om produsentjobbing i plateselskapet ta:lik.

Anders er vel det ein kan kalle ein kul kis. Han er laidback og litt fjern, får hang-ups på alt frå pekingsuppe og langeleik til vest-afrikansk popmusikk. Ein kan få inntrykk av at Anders lever uforstyrra i si små-nerdete verd av skeive halvtonar, men dei som kjenner han, beskriv han også som omsorgsfull, lyttande, grundig og lojal.

Anders let seg lett distrahere, ikkje minst av seg sjølv, men i det same han mistar tråden i eit tankespinn, finn han ein ny, og slik har samtalen ein tendens til stadig å ta nye vendingar. Kjedeleg er han ikkje.

- Noko eg er skrekkeleg dårleg på, er å selje meg som artist. Eg har alltid vore introvert, alltid grave meg ned i eigne prosjekt og teoriar. Tunnelsynet kan vera min beste eigenskap fordi det gjev meg mykje innsikt på detaljnivå. Men det er også min dårlegaste eigenskap. Det er mykje elementær musikarkunnskap som har gått meg hus forbi. Så eg har både ei gullgruve og ei hengemyr der, kan du seie.

Introvert til tross, Anders håpar han har lært noko grunnleggjande: å lytte.

- For somme er det heilt naturleg å spele i lag og lytte til kvarandre. Dette er noko eg har lært meg i vaksen alder, og som har gjeve meg mykje som musikar. Berre slik kan ein spele kvarandre gode, og det er jo det det handlar om. Marit Karlberg gjer meg betre som musikar. Eg har lært vanvittig mykje av henne.

Anders Erik Røine (Foto: Laila Meyrick / Velour.no)
Anders Erik Røine (Foto: Laila Meyrick / Velour.no)

Vidare ramsar han opp ei røys menneske som har sett sitt preg på ein eks-groruddøl på leit etter ein groov, ein sound, ei sanning.

Det at brørne Anders og Niels til slutt valde folkemusikken, har forresten fått konsekvensar i Groruddalen. Dei vart aldri ledde ut av kompisane slik dei frykta. Tvert imot hengde ein heil delegasjon seg på og starta å frekventere kappleikar i Valdres og Oslo. Ein av kompisane frå barndommens Rasmus Engers vei er no godt gift på Voss, medan andre har endra adresse til Valdres. Ein takk frå underteikna.

Sjølv gløymer ikkje unge herr Røine kvar han kjem frå. I tingingsverket ”Ørkenslåttar” har han via ein heil song til den gamle gata si. Songen minner mykje om dei inderlegaste bygdevisene frå Telemark, oftast framførte med fynd, klem og tårer på kinn. Songen til Anders er ein hyllest til blokkene, til kameratane, til suset frå motorvegen.

Og han konkluderer med at ”den rota som ei gang ble planta, skal aldri mere vokse ned, men samma hvor jeg setter kursen, skal gata alltid vera med.”

Den som har røtene med seg i hjarta, kan reise kvar han vil, i tid, rom og musikk.

Om Anders Erik Røine fritt skulle velje seg ein tidsepoke å leve livet sitt i, ville han ikkje drege tilbake til medio 1800 og budd på Ringestad, om det var det du trudde.

- Jeg ville så klart levd i framtida. Helst skulle jeg sitti på Snabron og spelt i år 3000.

Av ein eller annan grunn er ikkje det vanskeleg å sjå for seg.

Intervjuet er henta frå Bladet Folkemusikk, nr. 05/2010. Første del kan du lese her, medan del to står å lese her