Kappleiksspel frå Telemark og Numedal
Gunleik Bondal/Sigurd Frogner
ta:lik

På denne CD-en er me så heldige å få eit gjenhøyr med Gunleik Bondal frå Tuddal i Telemark og Sigurd Frogner frå Rollag i Numedal. Alle opptaka er henta frå NRK. Dei absolutt fleste er frå kappleikar på 60- og 70-talet, men nokre av opptaka med Sigurd er gjorde i studio.

Dei siste åra har Gunleik Bondal berre vore å sjå som publikumar eller dommar på kappleikar. Spelemannskarrieren hans fekk diverre ein brå slutt da han øydela ein finger på venstre hand i 1972. Difor er det ekstra gledeleg at opptak med honom nå har blitt tilgjengelege på CD. Slik får me som aldri fekk høve til å høyre honom, likevel oppleva Gunleik sitt elegante og gnistrande spel. Dette spelet har solid rot i Tuddal – med Kjetil, Einar og Olav Løndal som store og tydelege førebilete. Men ein anar også eit innslag av inspirasjon frå spelemenn i Tinn, til dømes i den utsøkte framføringa av springaren ”Bokkoen”, som er ein av denne meldaren sine absolutte favorittar på denne CD-en.

Sigurd Frogner er derimot framleis høgst oppegåande som spelemann, mellom anna som læremeister og eldsjel i folkemusikkmiljøet i Numedal. Men det er likevel ikkje ofte å høyre honom offentleg. Sigurd er ein framifrå og verdig arvtakar av spelet etter Steingrim Haukjem, og alle slåttane hans på denne produksjonen er i form etter Haukjem. Det er eit framoverretta og finslipa spel Sigurd presterer på desse opptaka, til dømes i springaren ”Tråen-mann”.

Båe spelemennene har det til felles at dei har hatt evna til å plukke opp variasjonsrikdomen til førebileta sine og gjengjeva dette på ein smakfull måte, utan at dei blei reine kopiar av nokon. Dei har begge veldig mykje med seg i slåttane, både når det gjeld boge- og fingerbruk. Slik er dei også gode førebilete for den oppveksande garde av spelemenn.

Eg likar ideen med å gje ut arkivopptak med nålevande spelemenn. For ein som ikkje kom til verda før på 80-talet, er det veldig interessant å få høve til å høyre slike spelemenn som desse i sin ungdoms glans. Samtidig framkallar denne CD-en truleg glade minne hjå gamle travarar og gjev dei høve til å gjenoppleva gode stunder.

Per Anders Buen Garnås