Folkemusikk frå Setesdal, Hardanger og Røros-distriktet møter kvarandre når Kim André Rysstad, Lajla Buer Storli og John Ole Morken held konsert ilag. Rysstad/Storli/Morken har dei tre siste åra jobba mykje ilag, dette har resultert i konsertar mellom anna bransjetreffa By:Larm og Folkelarm. Dette er fyrste gong denne trioen er på turné for Den Norske Folkemusikkscena, og publikum vil få servert folkemusikk, både tradisjonell og i arrangert form; som tek utrykket mot eit vise/country preg ispedd litt pop.

Turnérute:

Fredag 09.10 - Vågå, Vågå Hotell
Sundag 11.10 - Utne, Hardanger folkemuseum
Måndag 12.10 - Bergen, Columbi egg
Tysdag 13.10 - Rauland, Årestoga
Onsdag 14.10 - Kristiansand
Torsdag 15.10 - Oslo, MIR

 

Hardingfelespelar og kvedar, Lajla Buer Storli frå Kvalvik i Hardanger er freelance utøvar med ei konsertliste som omfattar Noreg, USA, Tyskland og Italia. For tida held Storli på med eit større innsamlingsprosjekt av folkesongar frå Sørfjorden i Hardanger. Under årets NM i folkemusikk på Geilo vart ho nr tre i vokal senior.

John Ole Morken frå Ålen utanfor Røros, er fyrst og fremst felespelar, men trakterer og gitar. Med si debut soloplate vart Morken nominert til Spelemannsprisen 2008. John Ole Morken har motteke fleire stipend og prisar for sitt arbeid for å fremje folkemusikken frå sine heimtrakter. Morken har også fleire plateprosjekt bak seg, og er saman med Lajla Buer Storli aktiv som pedagog og instruktør.

”Tak hardt uti hand” fekk under Norwegian Folk Music Awards 2008 pris for «Årets Solo Album», og det er Setesdølen Kim André Rysstad si debut plate. Rysstad har hausta svært gode kritikkar for både plate og stemmeprakt. I årets INTRO-folk tevling, som er Rikskonsertanes lanseringsprogram for unge folkemusikarar gjekk Kim André av med sigeren som einaste solist i finalen og er «Årets Unge Folkemusikar 2009».