Før vi går i kast med diagnosen, er det verdt å nemne dei positive opplevingane med Folkelarm 2009. Samanlikna med fjoråret hadde Folkelarm i år spissa profilen sin noko og konsentrert seg om færre artistar, spelestader og konsertar. I 2008 måtte vi heseblese oss rundt i hovudstaden på all verdas spelestader for å rekke havet av konsertane. Det slapp vi heldigvis i år. Konsertane var konsentrerte rundt Kulturslottet Soria Moria på Torshov. Kvaliteten på konsertane var gjennomgåande høg, noko som i seg sjølv er bra. Eit arrangement med skiftande kvalitet tener korkje sjangeren eller arrangementet.

Folkelarm spelar slik ei viktig rolle, særleg overfor den utanlandske plate- og konsertmarknaden og overfor media. For dei utanlandske agentane er ikkje på jakt etter halvgode artistar, men dei beste vi har å by på. Folkelarm fyller med andre ord eit tomrom i det norske folkemusikklandskapet.

Men bak dei positive opplevingane vaker også ei mengd med kritiske observasjonar. Då eg kom heim laurdagskvelden, stilte eg meg dette spørsmålet: Kva skal Folkelarm eigentleg vere? Og ikkje minst – for kven?

Det einsidige fokuset på kjende og velprofilerte folkemusikkartistar inneheld eit aldri så lite paradoks. Etter mitt syn kan det bety kroken på døra for arrangementet i framtida. Få av artistane var nye og overraskande. Arrangementet var ein kavalkade og ei oppsummering av folkemusikkjendisar dette året. Og nettopp her ligg utfordringa: Korleis gjere programmet interessant også for den norske marknaden og det norske folkemusikkpublikumet? Fleire eg snakka med, droppa å reise på Folkelarm. Årsak: Artistane var velkjende og lite spennande. Med andre ord: Gammalt nytt.

Det kan vere verdt å merke seg følgjande: Folkelarm vart til som eit ønske om å vere ein marknad for utanlandske oppkjøparar, men òg norske oppkjøparar, festivalar, management og andre interesserte. Folkelarm er ingen festival, men har festivalliknande trekk med framsyningskonsertar, stands, seminar og dansefestar til langt på natt. Folkelarm blir heller ikkje Folkelarm utan eit kjernepublikum – i dette tilfellet det norske folkemusikkmiljøet. For Folkelarm er også i framtida avhengig av eit publikum. Skal ein tekkjast desse, må ein jakte på ukjende og nye namn, artistar vi ikkje har høyrt om før. Det ville gjere Folkelarm mindre føreseieleg og meir spennande.

Ei og anna B-stjerne dukka opp på scenene utover kvelden. Marie Forr Klåpbakken Trio var ei livsglad og triveleg overrasking. Klåpbakken har mykje på hjartet, spelar friskt og syner ei breidd og ein variasjon i uttrykket sitt, noko tradisjonelt, noko sjølvlaga. Ein slags gudbrandsdalsk variant av Susanne Lundeng, var det nokon som meinte. Ho er på ingen måte eit ferdigutvikla produkt og treng framleis scenetrening og regihjelp for å kome i hamn. Kanskje bør ho konsentrere seg meir om musikken? Diktlesing blir ofte patetisk når kvaliteten på dikta og opplesinga ikkje når inn til hjartet hjå publikum.

Folkelarm er ikkje berre kjend og føreseieleg musikk. Musikken er som tvillingsjeler – mykje er likt, for det meste folkerock. Velspela og teknisk krevjande. Imponerande til tider, men dørgande kjedeleg og slitsamt i lengda. Hovudet gyngar i 6/8-takt og 2/4-takt det meste av helga. Består Folkemusikk-Noreg berre av folkerockarar? Kva med alle andre musikksamansetningar og lydbilete? Kvar er fløytespelarane, dei ukjende dansarane, lyra, tatermusikarane, langeleiken eller den stille musikken? Kva med folkejazz? Eller folkegammaldans og folkeswing? Ikkje noko av dette var særleg representert.

Kvifor speglar ikkje Folkelarm det faktiske folkemusikkmiljøet? Vil Folkelarm eigentleg vere noko anna enn det folkemusikkmiljøet eigentleg er? Og kvifor var så å seie ingen av gruppene frå open klasse under NM med i Folkelarm i år? Var dei for dårlege? Folkelarm har ei oppgåve å skape ein breiare musikalsk buffé, ein meny der fleire fell inn.

Det er likevel verdt å gratulere Folkelarm for vel gjennomført plateprisutdeling. Vinnarane representerer ei breidd i folkemusikken i Noreg – norsk, afrikansk, samisk eller kva det måtte vere, noko som òg er intensjonen til arrangementet. Difor var tildelinga av Årets folkemusikar til den afrikansk-norske artisten Kouame Sereba vel fortent. Han har turnert landet rundt i regi av Rikskonsertane og som frilansar – til stor glede for tusenvis av ungar i skulane. Men kanskje må juryen og arrangørane bli flinkare til å definere dei ulike klassene. Kvifor plata Maros og Eli Storbekken hamna i kategorien for grupper, er enno ei gåte for meg. Plata er ei rein kvedarplate med Storbekken i front og med diverse bakgrunnsmusikk.

Knut Aastad Bråten / redaktør i Spelemannsbladet