Det nærmar seg kappleik på Røros. Førre gong tevlinga gjekk føre seg på Røros var i 2005, og me har no henta fram artiklar om kappleiken frå Spelemannsbladet den gong. Under finn du ei liste over artiklane, og til slutt finn du lenke til ein PDF med artiklane frå bladet. 

  • Stor deltaking og mykje folk på Røros
    Oppsummering av kappleiken, samt kommentar av redaktør Kjell Bitustøyl
     
  • Nytt av året: Durspel på Landskappleiken
    Oppsummering av klassene i durspel. Av Kjell Bitustøyl
     
  • Kongepokal til Gjermund
    Oppsummering av tevlingane i fele klasse A. Av Ingrid Storlimo. 
     
  • Vinnaren frå Verdal`n
    Intervju med kongepokalvinnar Gjermund Larsen. Av Johanne Landsverk. 
     
  • Kirsten Bråten Berg vann klasse A. 
    Oppsummering av tevlingane i Vokal klasse A. Av Herdis Lien. 
     
  • Endeleg på topp
    Intervju med vinnar av hardingfele klasse A, Åse Teigland. Av Jostein Aardal.
Framsida
Framsida av Spelemannsbladet 05/2005
  • Ikkje heilt i ei klasse for seg sjølv
    Oppsummering av dans fele A, og intervju med dommarane. Av Sunva Coll Mossige. 
     
  • Nivåheving i dans hardingfele A
    Oppsummering av dans hardingfele klasse A. Av Hallgrim Hansegård. 
     
  • Fimbul vann open klasse
    Oppsummering av open klasse, og intervju med dommarane. Av Johanne Landsverk. 
     
  • Spell og dans i Rørosdistriktet
    Historisk artikkel av Bjørn Aksdal. 
     
  • Kappleik ikkje noko for Nord-Noreg
    Intervju med Marte Frihetsli og Sigrunn Haugli. Av Kjell Bitustøyl. 
     
  • Resultatliste Landskappleiken 
     
  • Ung vinnar på ny hardingfele
    Intervju med vinnar i hardingfele klasse C, Erlend Apneseth. Av Jostein Aardal. 

​> Les artiklane frå Spelemannsbladet (PDF)