Dei sørlege delane av Skandinavia vart sett på som urheimen til denne rasen. Her hadde det ikkje vore store folkevandringar, som i andre land på kontinentet. Dermed vart nordmenn sett på som meir reint nordiske enn til dømes tyskarane sjølve. Dette førde til at Ahnenerbe også ville forske i Noreg. Det vart gjort fleire registreringar av den norske kulturen, både før og under okkupasjonstida, mellom anna av helleristningar, av stavkyrkjene, og av Bryggen i Bergen. Arkitekten bak Ahnenerbe var SS-sjefen sjølv, Heinrich Himmler.

– Raseideologien til Heinrich Himmler og SS var av metafysisk art. Himmler var interessert i det han meinte var dei indre og konstante kvalitetane i rasen. I raseideologien opererte ein med ein idé om eit slags ”forfedrane sitt minne”. Dette raseminnet fann ein i kvart menneske. Ein skulle lytte til ”blodet si stemme”, fortel forskar ved Holocaustsenteret i Oslo, Terje Emberland, som er tilknytt eit forskingsprosjekt om SS og Noreg.

– Ahnenerbe meinte at kunnskapen og visdomen åt dei germanske forfedrane vart vidareført i dei rasereine kulturane. Visdomen og kunnskapen kom til uttrykk gjennom folkekulturen, særleg folkemusikken. I den norske folkekulturen spelte den nordiske rasekarakteren inn som understrengene i musikken, fortel Emberland.

Ein som var inspirert av raseideologien, var komponisten Geirr Tveitt frå Hardanger. Tveitt var på 1930-talet oppteken av å rekonstruere det han meinte var den nordiske urmusikken. I fyrste halvdel av krigen hadde Tveitt også kontakt med Ahnenerbe og besøkte institusjonen sitt hovudkvarter i Berlin. Felles for Tveitt og SS-forskarane i Ahnenerbe var førestellinga om at den norske folkemusikken spegla rasekvalitetane. Musikken var ”rein” og ”opphavleg”.

Ahnenerbe dreiv på midten av 1930-talet registrering av folkemusikken i Karelen i Finland, gjennom lydbandopptak på magnetofon. Himmler var svært begeistra over innsamlingane, og eit bilete av ein gamal finsk folkemusikar hang på kontoret til SS-sjefen i Berlin, fortel Emberland.

I 1937 ville Ahnenerbe også gå i gang med å registrere norsk folkemusikk. Den som ville gjere dette, var forskaren Christian Leden frå Trondheim. Leden var utdanna etnograf, og var kjent for å registrere inuittane sin musikk. Leden hadde sidan 1920-talet opphalde seg mykje i Berlin, og kom her med i Nordischer Ring – ein paraplyorganisasjon for forskarar og organisasjonar som ville bevare og styrke den nordiske rasen. Leden var ein sterk tilhengjar av nasjonalsosialismen, og arbeidde på denne tida med eit større arbeid for å syne samanhengen mellom folkemusikken og rasetilhøyrsla. Leden dreiv innsamling fleire stader i landet i åra 1937 og 1938.

Om SS dreiv innsamlingar av norsk folkekultur også under krigen, har ein per i dag ingen dokumentasjon for. Men Emberland meiner det er temmeleg sannsynleg. Ifylgje Emberland var fleire av dei høgtståande SS-folka i Noreg utdanna innanfor folkeminnegransking, og hadde brei kjennskap til nordisk kultur og historie.

– Ahnenerbe vart etablert i Noreg under krigen, og ein veit at interessa for det norske var stor. At det ikkje skulle vera interesse for den norske folkemusikken også under okkupasjonstida, er i så fall rart.

– Kvifor har ingen forska på dette?

– Norsk okkupasjonshistorie har vore for einsidig interessert i motstandskampen og i Nasjonal Samling – og ikkje vist særleg interesse for dei tyske okkupantane, særleg ikkje SS. Her er det verdt å leite vidare.

– Er det ubehageleg å grave meir i dette?

– Det kan det nok vere for enkelte. Førestellingane om det urnordiske og det reine lever framleis i dag. Dei romantiserte ideane frå mellomkrigstida går hand i hand med retorikken om den opphavlege og ekte folkemusikken vi òg høyrer om i dag. Slike førestellingar er ikkje nødvendigvis rasebaserte, og er nok heller eit ledd og ein arv frå eit nasjonsbyggjande prosjekt. Men kanskje bør folkemusikkmiljøet endå meir utfordre seg sjølv til å problematisere og diskutere retorikken og omgrepa i folkemusikken som opphavleg, ekte og rein, seier Emberland.


/ Knut Aastad Bråten, Spelemannsbladet 2009/8