I 2009 vil det bli gjeve støtte til mellom to og fire prosjekt. Ein kan søke om støtte til utvikling av større undervisningsprosjekt i folkedans. Støtteordninga er særleg tiltenkt kulturskulane, men Rådet vil også vurdere søknader som gjeld andre undervisningsprosjekt.

Per i dag gjev Rff økonomisk støtte gjennom såkalla tiltaksmidlar og arbeidsstipend, og formidlingsstøtte. Dei økonomiske tildelingane er små. Maks tildeling gjennom tiltaksmidlane er 25 000 kroner, arbeidsstipenda er knappe 20 000 kroner og formidlingsstøtta 30 000 kroner.

-- Tildelingane frå dei noverande støtteordningane er ikkje store. Vi har problem med å imøtekoma ynska frå ein del søkjarar, fortel fagansvarleg ved Rff, Bjørn Aksdal.

-- Har Rådet for folkemusikk og folkedans fått ekstra pengar til ei ny støtteordning, eller tek de pengar frå andre, alt eksisterande støtteordningar og prosjekt?

-- Nei. Det er Kultur- og kyrkjedepartementet som fordeler pengar til Rff. I 2009 fekk vi auka løyvingar. Det betydde auka midlar til eksisterande aktivitetar, mellom dei Bygda dansar, ei arkivarstilling – og no pengar til ei ny støtteordning.

Den nye støtteordninga blir på sett og vis temabasert, med ulik prioritering frå år til år.
-- Tildelingane blir sett inn der musikken og dansen til kvar tid står svakt, seier Aksdal. Det er Rff som avgjer kva tiltak støtteordningane skal rettast mot, men Aksdal meiner representantskapsmøtet i Rff kan kome med ynske om prioriterte tiltak.

-- Kvifor folkedansen i kulturskulane?

-- Vektlegginga av folkedansen i kulturskulane kjem på bakgrunn av ei større undersøking og rapport om stoda for nettopp folkedansen og folkemusikken i kulturskulane. Her kjem det fram at kulturskulen brukar svært lite ressursar på folkedans. Vi kan gjerne tenke oss at det blir utvikla prosjekt som andre kulturskular kan adoptere, seier Aksdal.

Revidering av støtteordningane
Rff er også i gang med ei evaluering av alle støtteordningane i eigen institusjon. I løpet av hausten skal rådet kome med framlegg om einskilde justeringar av støtteordningane. Mellom anna vil det vere aktuelt å auke støtta på arbeidsstipend, og samstundes prioritere særskilte område, til dømes instrumentbygging og folkedanstiltak. Det er også aktuelt å redusere tildelingane frå tre gonger i året til to. Ifylgje Aksdal vurderer også Rådet å etablere ei støtteordning med såkalla rask handsaming og tildelingar gjennom heile året. Revideringa av støtteordninga vil truleg vere klar frå 2010.

Dei som sit i utvalet som skal revurdere støtteordningane, er Mari Skeie Ljones, Vegard Opheim og Bjørn Aksdal. Endringane av støtteordningane vil bli handsama på representantskapsmøtet til hausten.

Det er førebels ikkje laga eige søknadsskjema for den nye ordninga, og ein kan heller ikkje sende søknaden via Rådet sine heimsider. Søknadsfristen er 15. september.
 

Knut Aastad Bråten / Spelemannsbladet

- Nytt nr av Spelemannsbladet kjem i posten desse dagar.