Artist:         Henning Gustavsen
Plate:         Pre Develske Drom
Selskap:   Etnisk Musikklubb

Pre Develske Drom er romani og tyder “på Guds vegar”, men Gustavsen syng likevel samtlege songar på si første soloplate på norsk, med einskilde svenske innslag. Men elles er tittelen dekkjande for innhaldet. Songane handlar, som så mange taterviser, om livet på vandring – både den fysiske reisinga og den religiøst-metaforiske livsvandringa. Såleis verkar det heilt truverdig når visa om Mustaleinen vert etterfylgt av “Skapelsen”.

Dette er ei samanstilling av tema mange av lesarane av Folkemusikk vil kjenna att frå repertoaret til Elias Akselsen. Men når det gjeld stemmekarakter og syngjemåte, minner Gustavsen vel så mykje om Frode Nyvold som om Akselsen. Og det er nettopp stemma og tekstformidlinga som er styrken på denne produksjonen. Gustavsen maktar det kunststykket å få desse ofte sentimentale og klisjéprega tekstane til å verka truverdige heile tida.

folkemusikk__logo_sort

Resten av produksjonen er på mange måtar merkverdig: Plata er produsert av Kent Morgan Johnsen, som også er musikar saman med Marita Johnsen, Kristian Håkon Möllesjö, Lars Möllesjö og Gustavsen sjølv. Men kven som spelar kva, seier omslaget ingenting om. Bortsett frå Etnisk Musikklubb-sjef Arne Fredriksen si eiga tilråding av plata inneheld omslaget verken tekstar eller bakgrunnsinformasjon, stikk i strid med tidlegare praksis i Etnisk Musikklubb.

Arrangementa er prega av country- og viseaktig akustisk gitarspel og piano, fiolin, cello og kontrabass på klassisk maner. Alt er velspelt, men temmeleg karakterlaust og heilt uspanande. Men så skjer det underlege: Det trauste og uhippe kler desse songane forbausande godt, og det kjennest beint fram befriande å høyra på ei plate der songane får stå i fokus og ikkje vert forstyrra av kreative og nyskapande musikalske påhitt. Jamvel det stive og akkordtunge kyrkjeorgelakkompagnementet på “O at jeg kunne min Jesus prise” vert fint i denne samanhengen. “På vandring” arrangert med mellom anna tuba, trekkspel og tamburin verkar òg som ei heilt opplagt løysing her. Det siste sporet, “Vitare än snö” har eit klassisk inspirert arrangement som minner om 70-talets mange kristne plateproduksjonar, og romklangen er mindre bra, men det er likevel vedunderleg vakkert.

Dette er ei merkeleg plate som er litt amatørmessig produsert, men likevel ei av årets beste viseplater!

Sigbjørn Apeland

Meldinga stod på trykk i bladet Folkemusikk 02-2010