Mote og klede gjeld dei fleste av oss. Sjølv fekk eg moten intravenøst etter ein stutt karriere med jazzballett og sporadiske mannekengoppdrag i tenåra. Også i vårt kjære folkemusikkmiljø er mote og klede viktige faktorar, for kvar einskild og for miljøet som gruppe. Folkemusikarane kler seg etter uskrivne reglar og kodar, her som i andre miljø. Med fare for å stigmatisere: Folkemusikkgarderoben har vore spesielt full av lisseslips og skinnvest, fotformsko og Uno-kjolar. Og bunad, sjølvsagt. Slik er det ikkje lenger i dag. Og godt er det. Folkemusikkestetikken utmerkjer seg ikkje særleg, og har tidvis vore ein klam og tilgjord stil for mange.
folkemusikk__logo_sort
Ikkje alle er like komfortable med dei klamme og kollektive motekodane. I buskane lurer særleg ungdommane med nye trendar, nye retningar: kvardagsfillene. La meg forklare det med eit døme: Nyleg var eg på ein lokalkappleik på ein liten stad i Bygde-Noreg. Som eit ledd i jakta på moten anno 2010 gjorde eg systematiske observasjonar av deltakarane på scenen, godt inspirert av helten frå barndomen: Nancy Drew. Resultata var oppsiktsvekkjande, ja, nærmast urovekkjande: Dei fleste deltok i heilt daglegdagse, ordinære, ja, regelrett kjedelege klede. Betre var det ikkje frå scenekanten: Ungdommane var kledde i kvardagsskjorte, kvardagsbukse, kvardagsgenser, joggesko, longs, fillete bukser, holete bukser, halvvegsned-på-rumpa-bukser og utslitne t-skjorter. Og verst av alt: Ingen av jentene i den nemnde tevlinga deltok i stakk. Stasplagget og kappleiksplagget framfor noko, bunaden, var eit framandelement, degradert og bortgøymt på kostnad av alt det kvardagslege.
” Val av klede handlar også om å sjå bra ut”

Eg har ikkje til hensikt å tvinge frilyndte, sjølvstendige og dansande kvinner og menn inn i bestemte kleskodar. Frustrasjonen er heller av visuell art: For: Folkedansen er i tillegg til å vera ein sosial disiplin også ein oppvisingsdans, anten du deltek på kappleik eller dansar i ein annan scenisk samanheng. Dansen er ikkje berre til for deg som dansar, men står også i ein annan kontekst: som estetisk oppleving, for publikum, dommarar. Stakken, og kleda har slik eit stort visuelt, estetisk og opplevingsmessig potensial; i svivinga, i rørslene, i stega ja, i heile sitt uttrykk. Val av klede handlar ikkje berre om å føle seg vel eller kjenne seg heime i dei gode kvardagsfillene. Val av klede handlar også om å sjå bra ut, og om å kle seg etter forholda.