Frå dei rykande ferske sidene kan du mellom anna lesa dette:

Folkemusikkmiljøet i Noreg, 1940–1945: Krigen er enno eit vanskeleg tema, for mange. Når ein skal ta for seg dette emnet, er det mange ugreie groper å dette ned i, men det er likevel mogleg å seia noko. ”I Noreg hadde NS alt utnytta den norrøne symbolverda i lengre tid, og den tyske propagandaen ville og gjera bruk av folkemusikken for sine føremål. Dette førte til spenningar i miljøet,” skriv Eilev Groven Myhren. Meir i det nye nummeret av bladet.

Ny organisasjon: Maria Høgetveit Berg er ny leiar i Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg. Ho meiner organisasjonslivet ikkje må bli meir oppteke av å skaffe offentlege pengar enn å arbeide for det som er målet, og det organisasjonen er danna for å gjera. – Det er ein fare at friviljuge organisasjonar snur arbeidsoppgåvene sine etter kva det offentlege gjev pengar til. Friviljuge organisasjonar har vore sterke medspelarar i demokratiseringa av landet, og viktige motkulturar. Det skal vi framleis vera, seier Berg.

Portrettet: ”Eg har brukt mykje tid og krefter på å leita fram slåttar som ikkje har hatt ei ombygging for å passa til konsertbruk og den moderne klangdyrkinga.” Det er Siri Dyvik som seier dette. Bli meir kjend med hardingfelespelaren frå havgapet utanfor Haugesund.

Makta og musikken: Spelemannsbladet har kåra dei mektigaste innanfor norsk folkemusikk og folkedans. Ei av dei som har hamna på lista over stor politisk makt, er kvedaren og debattanten Ingvill Marit Buen Garnås. Ho er ein av få debattantar i folkemusikkmiljøet, er ofte personleg og kontroversiell i argumentasjonen sin. – Det ligger rett og slett til min natur å seie meiningane mine, seier ho.

Leiar: Tida er knapp. Dagen har for få timar. Vi kan ikkje, og har ikkje tid til å lene oss attende for å nyte det vi held på med. Men kvifor snakkar Folkemusikk-Noreg berre om å nå nye høgder? Er vi ikkje, nokre gonger, gode nok? Når er vi i mål? Ein eksisterer ikkje, om ein ikkje utviklar seg, kan det verke som. Les meir frå leiaren i siste nummeret av bladet.

Elles kan du lesa om vokal taterkraft – om musikaren Henning Gustavsen, kommentar frå Representantskapsmøtet i Rådet for folkemusikk og folkedans, fyldige saker frå årsmøtet i folkemusikkorganisasjonane, kronikk frå Egil Bakka og Sigurd J. Heide, plate- og bokmeldingar.