Kommentar om årets Folkelarm: ”Få av artistane var nye og overraskande. Arrangementet var ein kavalkade og ei oppsummering av folkemusikkjendisar dette året”, skriv redaktør i Spelemannsbladet, Knut Aastad Bråten. Meir i siste nummeret.

Halldis Folkedal er dansevitar, og ho skreiv masteroppgåve om den kvinnelege hallingdansaren – om kropp, kjønn og seksualitet i norsk folkedans. ”Dansesjangrar har ofte ein tendens til å produsera sanningar og stereotypar om kjønn. Det gjeld ikkje minst folkedans.”

Portrettet: Kva har Ingar Ranheim og Edit Piaf til felles? Dei angrar ingen ting. Les meir om dansaren, museumsmannen og vinnaren av Rff-prisen i siste nummeret av bladet.

Folkemusikkarkivaren Ruth Anne Moen arbeider med rettleiing og bistand til å byggje opp eit eige folkemusikkarkiv i Tanzania.
- Prosjektet gir høve til å prøve ut i kva grad norske folkemusikkarkiv sit på kompetanse som òg kan nyttast i heilt andre delar av verda, seier Moen.

Elles kan du lesa om jentespranget i folkemusikken, om Eli Storbekken, om Magnhild Almhjell, plate- og bokmeldingar.