EIT KOMPLEKTS OMGREP

KVEDAREN INGVILL MARIT Buen Garnås har sett fingeren på viktige prinsipielle spørsmål kring den vokale folkemusikken. Kort fortalt etterlyser Garnås meir vørdnad og kunnskap for og om
den gamle songstilen, og at han må bli prioritert og skatta i døminga på kappleikane.

Garnås dreg i gang ein klassisk folkemusikkdebatt – med fare for mykje motstand,naturlegvis. Nokre vil karakterisere henne som ein tradisjonalist og ein mørkemann. Andre meiner ho er sur og bitter. Dei om det. Garnås er likevel eit viktig korrektiv til utviklinga av den vokale folkesongen. Ho er konservativ i grunnsynet og utfordrar frilynte og rådande sjangerblandande trendar i samtida. Initiativet hennar er prisverdig, men påstandane er problematiske.

Mange folkemusikarar lever i ei mytisk boble som omgjev dei sjølve og musikken. Garnås er så absolutt ei av desse. Felles for alle er forteljingane om den gamle stilen, slik det skal gjerast, på ordentleg. Det dreier seg om originalitet og autentisitet – om kulturvern i fastlåste former. Truslane og påverknadene mot den folkemusikalske identiteten er fienden. Moderne element høyrer ikkje inn, er feil og må lukast vekk.

DEN STRENGE DEFINISJONEN av folkemusikk og folkedans har sitt opphav i ein annan røyndom. Tida er 1800-talet, i visse bygder, for det meste på Austlandet. Premissane for den folkekulturelle identiteten er i ferd med å etablerast. Kulturen fekk sine grenser.

I førre nummer av Spelemannsbladet peika Garnås sjølv på nokre av desse grensene, eller kjenneteikna på den gamle songstilen. Ho skriv: «Me syng altså i naturtoneskala, talenært, rett på konsonantane, flyt oppå takten, krullar inni og ikkje utanpå linene, dreg saman og pausar der det passar oss.»

Som alle andre kulturuttrykk har den vokale folkemusikken også sine grenser. La oss definere det som ein indre og ytre kjerne. Den indre kjernen er strengt definert med klåre rammer. Utanfor denne ligg den ytre kjernen, ei gråsone av kulturuttrykk som stadig utfordrar den indre kjernen.
Mykje har skjedd dei siste 20 åra. I dag er både bedehussongen, joiken, glidetonar og
taterviser ein naturleg del av folkemusikkhuset. Og fleire bankar på døra.

All tradition är förändring heitte ei lærebok eg las på etnologi grunnfag. Mine eigne førestellingar om den «uforanderlege» tradisjonen vart sette på ei stor prøve. Den eine førestellinga etter den andre vart broten ned. Kulturen var ikkje statisk, men synte ei mengd
brot med eldre kulturuttrykk, vart eg fortald. Dei same trekka gjaldt også den vokale
folkemusikken. Korkje meir eller mindre.

Å DEFINERE KULTURELLE uttrykk byr med andre ord på komplikasjonar, og er sjeldan særleg konstruktivt. Ofte fører det til ei undergraving av kvalitetane i sjølve kulturen,
ja, til ei undergraving av folkemusikken sin eigenart og natur.

Men kanskje handlar ikkje utspela frå Garnås om tradisjonalisme, kulturvern eller fastfrosne kulturuttrykk. Det er smertefullt å erkjenne at tida går, at tradisjonane og ideala tek nye retningar. Kanskje er forklaringa på Garnås sitt utspel utslag av eit gamalmannssyndrom? Snakkar vi om drag av melankoli og nostalgi, om sakn over tida som forsvann?

Garnås snakkar i hovudsak om manglande kunnskap om den gamle songstilen på kappleikane.
Har ho likevel eit poeng? Utvatning av sjangeren, forflating og banalisering er ikkje ynskjeleg i seg sjølv, eller noko å strekkje seg etter. Manglande kjennskap til historiske uttrykksmåtar fører ikkje sjangeren framover, men gjer han heller fattigare, plump og mindre interessant. Paradokset blir ikkje mindre i ei tid der kunnskap, dokumentasjon og læringsmoglegheiter aldri har vore fleire, større, betre og rikare enn nett no.

FOLKESONG, FOLKEDANS, folkemusikk, ja, alt som er knytt til det folkekulturelle, er i botnen problematiske omgrep. I ordets rette forstand inkluderer det alle folkelege uttrykk, alt som blir skapt av folk flest. Slik blir også folkemusikken ein uttrykksmåte og eit omgrep som mange gjer hevd på. Fleire av dei vakar og ventar på ein invitasjon inn i det gode selskapet. Alt er vokal folkemusikk, kan det sjå ut som. Og kva blir det neste? Grisefestviser og kampsongar frå 70-talet? Og er det like greitt? Korleis skal folkemusikkmiljøet stille seg til eit okkupert
omgrep som ikkje lenger gjev meining eller tener sjangeren?

Men folkesongen, folkedansen og folkemusikken er også definisjonar på velkjende og etablerte sjangrar og kulturuttrykk, skapte og herda gjennom generasjonar på kappleikar, gjennom forteljingar og myter. Han har sine knaggar, sine kjenneteikn. Like håplaust som å hevde at fotball og opera båe er kultur, er det meiningslaust å vatne ut omgrepet folkesong. Dei folkekulturelle uttrykka fortener òg eit reisverk å halde seg til.

/ Knut Aastad Bråten

Knut Aastad Bråten er redaktør i Spelemannsbladet