Portrettet: – Eg byrja med eit orgel. Var borti trekkspelet òg. Men so small da te med felo, seier Ingeleiv Kjerland Kvammen (77), ei føregangskvinne innanfor folkemusikken. Som kvinne og spelemann var ho i særstilling på 50-talet. Meir om Ingeleiv i siste nummeret av Spelemannsbladet.

Støtteordningar: Ein ny tilskottsordning for arrangørar, forvalta av Norsk kulturråd, har ti millionar i potten, men søknadene frå folkemusikkscenene let enno vente på seg. Ei av folkemusikkscenene som søkte og fekk tilskott frå den nye ordninga, er folkemusikkscena på Rauland. Dei mottok 50 000 kroner, og pengane går naturleg nok til konsertane dette året.

Gud i 3/4-takt: Folkedansaren Sissel Rudningen skriv om folkedans og folkemusikk i eit religiøst perspektiv. ”Eg ynskjer å ære Gud med folkemusikken og folkedansen. Tru eller ikkje tru. Når dei store låttane ’opnar’ seg for deg, når ein i dansen ’svevar’ slik ein springar kan lyfte deg, og du syng ut ein salme så du ikkje lenger kjenner tid og stad, då er ein utanfor og samstundes nær på ein gong. Det er tonane som fører deg vidare, nærare og tryggare mot Gud.”

Den nye dresskoda: På slutten av 90-talet såg vi konturane av ein ny trend – dressnostalgien. Men kva skjer når den loslitne dressen er noko alle skal ha? Frå å vere eit kultsymbol, har dressen vorte eit uttrykk for nok ei kollektiv, umedviten masserørsle. Spørsmålet er: Når bryt dresshegemoniet saman? Og som ein konsekvens av ein slik kollaps: Er det rosa magebelte og skyhøge skulderputer frå 80-talet som snart vil få sin renessanse?, spør Ole Aastad Bråten og Magne Olav Selland.

Elles kan du lesa om 20-årsjubilanten Telemarkfestivalen i Bø, om verneverdige polsdansar, om Vossa Jazz 2009, schlosserfløytene frå Zwota i Tyskland, ei mengd debattinnlegg, plate- og bokmeldingar, om danseinstruktøren Alix Cordray og mykje, mykje meir.

Du får kjøpt Spelemannsbladet hjå Perstølen Libris i Ål, hjå Akademika i Bø i Telemark og i Nord-Aurdal Folkebibliotek.

Har du tips eller eit friskt debattinnlegg? Skriv til spelemannsbladet@folkemusikk.no. Maks lengd per lesarbrev er 500 ord.

Manusfrist for Spelemannsbladet 5-09 er 13. juli.

Spelemannsbladet er det einaste bladet for norsk folkemusikk og -dans. Bladet kjem ut åtte gonger i året, og du kan følgje med i debattar, utgjevingar, fagartiklar og små og store hendingar frå heile landet!

Spelemannsbladet, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes, tlf. 907 68 797