Frilansaren og folkemusikken: Musikaren Karl Seglem tek eit oppgjer med haldningane i samfunnet mot frilansarar som yrkesgruppe. Seglem hevdar at det er svært liten aksept, forståing og respekt for frilansmusikaren som frilansar, og kva det inneber. ”Det ligg også ofte ei usagd, vag formeining om at vi har masse ’ledig’ tid og gjerne spelar gratis for å promotera oss sjølv – at det er betaling god nok.” Meir frå Seglem i Spelemannsbladet 3-09.

Etablering av kompetansesenter for rytmisk musikk: Mest spenning er det knytt til etableringa av kompetansesentra på Austlandet. Fleire folkemusikkaktørar har synt interesse: Valdres, Vågå og Sigdal. Men berre to får plass på laget. Konklusjonen så langt peiker i retning av ei deling av Austlandet i to kompetansenettverk, eitt i nord og eitt i sør. Dei som mest sannsynleg får vere med vidare, er folkemusikkaktørane i Sigdal og i Valdres.

Eitt steg vidare: Årsmøtet i Norsk Folkemusikk- og Danselag, 21. mars, gav styret fullt mandat til å arbeide vidare for å etablere ein ny folkemusikkorganisasjon i landet. Fleire av kritikarane på årsmøtet var hardingfeleutøvarar.
- Eg oppmodar absolutt hardingfeleutøvarane om å stifte sitt eige forum – vel å merke som særlag i den nye organisasjonen, seier attvald styreleiar Åshild Vetrhus. Dette og meir i Spelemannsbladet.

Elles kan du lese om Utanriksdepartementet sine støtteordningar for musikarar til utlandet, om prosjektet Bygda Dansar, om spelemannen og komponisten Peter L. Rypdal som ville vore hundre år i år, om plateaktuelle Storm Weather Shanty Choir og mykje, mykje meir.

Vervekampanje: Verv tre nye abonnentar – få Spelemannsbladet gratis i heile 2009. Skriv opp namn og adresse, noter om vedkomande er medlem i Landslaget for Spelemenn, og send opplysningane til spelemannsbladet@folkemusikk.noDenne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den. .

Du får kjøpt Spelemannsbladet hjå Perstølen Libris i Ål, hjå Akademika i Bø i Telemark og i Nord-Aurdal Folkebibliotek.

Har du tips eller eit friskt debattinnlegg? Skriv til spelemannsbladet@folkemusikk.noDenne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den. . Maks lengd per lesarbrev er 500 ord. Manusfrist for Spelemannsbladet 4-09 er 11. mai.

Spelemannsbladet er det einaste bladet for norsk folkemusikk og -dans. Bladet kjem ut åtte gonger i året, og du kan følgje med i debattar, utgjevingar, fagartiklar og små og store hendingar frå heile landet!

Spelemannsbladet, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes, tlf. 907 68 797