Hardingfelespelar og folkemusikkjennar Eilev Groven Myhren skriv om samspelet og utvikling av ein såkalla fellesnordisk musikkstil.

Redaktøren i Syn og Segn, Bente Riise, har skrive ein personleg kommentar om vegen inn i folkemusikken. Ho skriv: ”Det er først i vaksen alder at eg har fått eit sterkt forhold til folkemusikk. Og eg trur det er rett å seie at det var gjennom jazzen det kom.”

Framleis fri: Tema i leiarartikkelen denne gongen er om Spelemannsbladet også i framtida bør vera eit fritt og uavhengig blad. Konklusjonen frå redaktør Aastad Bråten er klar: ”At Folkemusikk-Noreg framleis hegnar om ei fri og uavhengig presse, viser også at vi, i likskap med andre miljø, er i stand til å ha eit rasjonelt blikk på oss sjølve.”

Vervekampanje: Verv tre nye abonnentar – få Spelemannsbladet gratis i heile 2009. Send namn, adresse og om vedkomande er medlem i Landslaget for Spelemenn eller ei til spelemannsbladet@folkemusikk.noDenne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den. .

Du får kjøpt Spelemannsbladet på Perstølen Libris på Ål, hjå Akademika i Bø i Telemark og på Nord-Aurdal Folkebibliotek på Fagernes.

Spelemannsbladet er det einaste bladet for norsk folkemusikk og -dans. Bladet kjem ut åtte gonger i året, og du kan følgje med i debattar, utgjevingar, fagartiklar og små og store hendingar frå heile landet!

Har du tips eller eit friskt debattinnlegg? Skriv til spelemannsbladet@folkemusikk.noDenne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den. . Maks lengd per lesarbrev er 500 ord. Manusfrist for Spelemannsbladet 3-09 er 23. mars.

Spelemannsbladet, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes, tlf. 907 68 797