Alternative finansieringskjelder: ”Vi jublar kvar gong millionane strøymer inn i kulturlivet. Men det kan ikkje vere slik at all kulturaktivitet skal vere prisgjeven ein mann, eit departement og ei regjering. Offentlege pengar er ikkje reinare eller friare enn andre. Privat finansiering av kulturlivet betyr meir makt – fordelt på fleire. Det må kulturlivet vere klar over,” skriv redaktør Knut Aastad Bråten i leiaren. Meir om kultur og næring i dette nummeret av bladet.

Kompetansesenter på vent: Fleire regionar har også kasta seg inn i kampen om å etablere kompetansesenter for folkemusikk, folkedans, jazz og rock. Men trass i mange søknader: Folkemusikkaktørane er nøydde til å smørje seg med tolmod. ”Ingen av søkarane har kome langt nok i prosessen til å få pengar no,” seier statsråd Trond Giske. I praksis betyr det fylgjande: Statsråden har pengar på bok og kan gje løyvingar utover året, ut frå søknad etter kriteria i Stortingsmelding nr. 21 for den rytmiske musikken.

Publikumsauke på Landsfestivalen i Skjåk: Nesten 1000 fleire selde billettar enn i 2007, det er resultatet etter Landsfestivalen 2008. Leiar for arrangementet, Randi Rust, er likevel bekymra for rekrutteringa av gamaldansarar. -- Det er ein mellomgenerasjon som fell for rock’n roll i staden for gamaldans – ikkje noko gale i det, men det er eit hol i tradisjonsoverføringa no, seier ho.

Portrett med Daniel Sandén Warg: ”Det tok nok si tid verkeleg å slå røter her. Det var ein periode for nokre år sidan at eg tenkte at no gidd eg ikkje meir, no reiser eg, no må noko skje. Iblant blir ein rastlaus.” Les nærportrettet med ein av dei finaste spelemennene i landet i dette nummeret av Spelemannsbladet.


Kommentar frå gruppespelet på Landsfestivalen 2008: ”Det er ikkje så mykje utvikling å spore i gruppespelet, eg vil heller seie at kvaliteten er dårlegare i år enn tidlegare. Eg trur mange grupper rett og slett spelar for lite og øver berre i forkant av festivalen,” skriv Synne Grothe. Meir frå Landsfestivalen og klassene i neste utgåve av Spelemannsbladet.