Synleg nok: Mange kultursjangrar legg mykje, ja, unødvendig mykje, vekt på medieomtale, skriv redaktør Knut Aastad Bråten på leiarplass denne gongen. ”Må alt kulturliv vere synleg i media for å eksistere? Er det ein rett vi har for i det heile å vere til? Sjølvsagt ikkje. Eit slikt kultursyn er òg ein populisme.” Meir om mediekåte folkemusikarar i neste nummer av Spelemannsbladet.


Portrett med Randi Skeie: ”Mennesker som har innvandret til Norge og tatt tradisjonsmusikken med seg, bør vi ta ansvar for,” seier leiaren i Landslaget for Spelemenn. I siste nummeret av Spelemannsbladet fortel ho meir om åra som leiar – og om poesikveldane i lysthuset heime på Lillehammer.


Skribent Olav Norheim om blues og folkemusikk: "Valdreskvelven blir aldri pop, aldri rock ’n roll, aldri twist and shout. Men blues. Springar og blues. Bluesen kan aldri nokon ta frå dei. Ikkje eingong dei som har greie på det.”


Kommentar frå landskappleiken: ”Det er til å undre seg over at stemmehøgd ikkje er meir debattert i hardingfelemiljøet,” skriv hardingfelespelar og kommentator Anne Hytta. Meir om landskappleiken og eliteklassa i hardingfele i siste utgåva av Spelemannsbladet.