Kronikk: Hilde Bjørkum er festivaldirektør for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. I denne utgåva skriv ho om folkemusikkfestivalane og samarbeid på tvers. - Er det føremålstenleg å stille store offentlege midlar til rådvelde for produksjonar for berre nokre få hundre publikummarar på éin festival? spør ho.

Redaktør i Spelemannsbladet, Knut Aastad Bråten, har retta nasen mot det kulturelle folkemordet i Tibet. Kulturarbeidarar og idrettsfolk arbeider etter ulike prinsipp, meiner han. - Mykje skil idretten frå kulturlivet elles. Utøvarane skal konsentrere seg om å springe, sveitte og vinne. Dei skal ikkje meine, snakke, utfordre. Dei er tause, kommersielle produkt, marionettfigurar for sponsorar, nasjonar og olympiske forbund, skriv han i leiaren.

Portrettet: Knut Sandal frå Jølster har undervist felerekruttar i mange år. I yngre dagar målte han den musikalske dugleiken sin gjennom poenga han sanka på kappleikar. No om dagane måler han suksess på eit anna vis: Kor mange startar som nye felerekruttar på nyåret? Og kor mange greier han å halde på? Les meir i Spelemannsbladet.