BALLADAR: Norsk Visearkiv har i mange år arbeidd med å gje ut dei norske mellomalderballadane i ein samla vitskapleg publikasjon. Men arbeidet er tidkrevjande.

- Skal vi gjere dette arbeidet med dei midlane vi har, vil det ta 30 år før vi er ferdige, seier styreleiar ved arkivet, Liv Kreken Kvalnes. I ei orientering til Kulturdepartementet skriv arkivet at dei treng 36 millionar kroner fram til 2014 for å fullføre arbeidet. For inneverande år har dei søkt om 10 millionar kroner.

I 1854 gav Magnus Brostrup Landstad ut Norske Folkeviser. Bokverket er i dag den største og einaste publiserte samlinga av norske balladar. Det har vore gjort fleire freistnader på gje ut ein samla vitskapleg publikasjon i seinare tid, utan at ein har lukkast med det. I dei andre nordiske landa har ein gjeve ut folkeviser i komplette bokverk med vitskaplege kommentarar.

folkemusikk__logo_sort

- Korleis står det til med materialet som finst?

- Det må gjerast noko straks. Mykje er skrive på tynt papir og med blyant. Blir det ikkje gjort noko no, kan materialet rett og slett smuldre bort, seier Kvalnes.

I 1992 byrja arkivet med systematiseringa og arbeidet. Til no er rundt 5000 tekstar registrerte. Berre ein tidel av dette er lagt til rette av arkivet med kommentarar – alt med tanke på ei seinare publisering.

- I fyrste omgang klarer vi å få til ei melodiutgåve med 1200 melodiar. Vi har fått midlar frå Norsk kulturåd til dette, seier Kvalnes.

- Kor mange pengar har de brukt på dette sidan 1992?

- I overkant av 2 millionar kroner av eigne midlar.

- Har ikkje de òg eit overordna ansvar med å gjere dette arbeidet, då?

- Jau, nokon må gjere det, men du set ikkje ein reparatør i Jernbaneverket til å rette alle feila langs jernbaneskjenene? Dette er eit enormt prosjekt. Og i mandatet til Visearkivet ligg det òg mange andre oppgåver.


-------

Artikkelen stod på trykk i bladet Folkemusikk 4/2010