Spørjeundersøkinga frå NM i folkemusikk på Geilo er avslutta. Det kom inn 269 svar frå deltakarar, publikum, domarar, frivillige og presse og ganske nøyaktige likte fordelt mellom kvinner og menn. Gjennomsnittsalderen på dei som har svara ligg på 46 år.

Her følgjer dei første generelle konklusjonane frå undersøkinga. Konklusjonane er gjort ut frå ei samla svargruppe. Det er truleg at vi vil få nokre andre tendensar viss/når vi splittar opp undersøkinga på ulike svargrupper.

Ein generell, klar konklusjon er at NM i folkemusikk var eit greitt prøveprosjekt, men eit stort fleirtall ønskjer seg ei framtid med eigne arrangement for Landskappleiken og Landsfestivalen.

Går vi inn i vurderinga av tevlingsreglementet, er hovudinntrykket at miljøet er ei heller konservativ gruppe med motstand mot endringar. Med få unntak vil miljøet ha tradisjonelle arrangement med eit tradisjonelt reglement.

Styret i Landslaget for Spelemenn skal ha sitt første møte den 16. september. På dette møtet vil styret gjere den første evalueringa av NM og ta dei første vurderingane av kva som evt skal førast vidare av endringar i tevlingsreglementet i arrangementa kvar for seg vidare framover. Dette gjeld m a spørsmåla om klasseinndeling, talet på finalar og poengsummar/rangering til jr- klassane.

Spørsmål 1: 48 % av dei som har svara, er ueinige i at ei samanslåing av Landskappleiken og Landsfestivalen til NM i folkemusikk samla sett var eit svært vellykka eksperiment 33 % meiner samanslåinga var vellykka. Rundt 18 % er nøytrale til spørsmålet.

Spørsmål 2: Over halvparten av dei som har svara (49 % ) meiner likevel at ei samanslåing av Landskappleiken og Landsfestivalen til eitt arrangement ikkje berre var mislykka.

Spørsmål 3: Eit fleirtal (48%) meiner at arrangementet blei alt for stort og gjekk over for mange dagar . 37 % har den motsette meininga. Dei øvrige var nøytrale til spørsmålet.

Spørsmål 4: Eit stort fleirtal på 68 % er imot at stemnet kunne ha vore korta ned med enda fleire parallelle tevlingar. Berre 19 % ønskjer seg meir parallellkjøring.

Spørsmål 5: Fleirtalet (60%) vil ha A, B, C & D- klassar i staden for junior og senior. 28 % meier at jr og senior-klassar er ei betre løysing.
 

Spørsmål 6: Halvparten (52 %) saknar D-klassane.

Spørsmål 7: Veldig sprikande tilbakemeldingar på om dei mente at det var flott å fjerne det kunstige skiljet mellom slåttespel og runddansspel. 38 % er for å fjerne skiljet. 45 % meiner at det er rett å halde på skiljet. Tilbakemeldingane, bl a ved kommentarane til slutt, tyder elles på at spørsmålet var uklart.

Spørsmål 8: 57 % vil ha eigne klassar for lagspel på hardingfele og fele. 27 % vil halde fram med ei klasse der hardingfele- og felelag tevlar i same klasse. Spørsmålet skilde elles ikkje mellom klasseinndelinga på Landskappleiken og Landsfestivalen. Mest truleg reflekterer svara eit ønskje om delte klassar på Landskappleiken framover, mens klasseinndelinga på Landsfestivalen skal gå som før med ein felles lagspelklasse.

Spørsmål 9: Eit stort fleirtal (58 %) meiner også at det evt. skulle ha vore eigne klassar for lagspel med slåttespel og lagspel med runddansspel.

Spørsmål 10:
Overraskande nok er eit stort fleirtal (58 %) positive til at alle instrumenttypar kan få vere med i lagspel. 27 % er i større eller mindre grad for at lagspel skal vere for reine felelag.

Spørsmål 11: Derimot vart gruppespelet alt for vidt og burde ha vore delt opp i fleire klassar i følgje fleirtalet (50 %). Berre 16 % likte den store breidda i gruppespelklassen.

Spørsmål 12: 40 % meiner at trekkspel og durspel ikkje kan tevle i same klasse. 30 % meiner at dei godt kan tevle saman, mens så mykje som 30 % er heilt nøytrale til spørsmålet og har inga meining.

Spørsmål 13:
Eit stort fleirtal (55 %) meiner at alle musikk- og dansetradisjonane tapte på samanslåinga. Her var det visst ingen vinnarar.

Spørsmål 14: 63 % meiner det var bra med enda fleire finalar !



Spørsmål 15 og 16: 57 % meiner at Landskappleiken ikkje fekk ein alt for dominerande plass under NM.

Samtidig meinte 49 % at heller ikkje Landsfestivalen fekk ein for dominerande plass. Med andre ord fekk arrangementet ein bra balanse mellom Landskappleik- og landsfestival-innhald, i følgje dei som har svara.

Spørsmål 17, 18 og 19
:
50 % meiner atbåde Landskappleiken og Landsfestivalen har tapt på samanslåinga.
72 % er i større eller mindre grad for at LK og LF må halde fram som eigne, sjølvstendige arrangement.
62% er imot NM i folkemusikk som ei permanent løysing. Berre 26 % vil halde fram med eit felles NM i folkemusikk. 12 % er nøytrale til spørsmålet.