Ringerunden viser at NFD sine medlemmer er opptekne av at NFD sitt føremål og saker vert teke vare på og fremja i arbeidet med omstruktureringa av feltet. Solotradisjonane, tilhøva for dei profesjonelle utøvarane, trygging av rettane til tradisjonsberarane og det kulturpolitiske arbeidet er døme på saker som vart nemnt som sentrale.

Fleire medlemmer nemnde også at det er viktig å våga skilja mellom behova dei ulike utøvarane av folkemusikk- og dans har, og at dette vert teke høgde for i arbeidet med omstruktureringa på feltet. Rekruttering, trygging av aktivitet på grunnplanet, og synleggjering av folkemusikken i media vart òg nemnt som viktige område ein bør styrke i ein ny organisasjon. Dessutan såg fleire det som viktig at det vart skapt gode arenaer og forum for formidling av folkemusikken.

 

Prosess

Eit fleirtal av dei medlemene som vart ringt opp var positive til prosessen, medan andre medlemer var uroa for utviklinga dei såg og var kritiske til måten prosessen til no hadde gått føre seg på. Ei kjelde til uroing var at ein var mellom anna at ein usikker på kva ein går til i ein ny organisasjon, og kva for konsekvensar ei omstrukturering kan føre med seg.

I arbeidet med å etablere ein ny organisasjon meinte mange at ein burde sjå til og læra av andre og tilsvarande prosessar. Norsk Jazzforum og Noregs Idrettsforbund vart nemnde spesielt som organisasjonar det kunne vera lurt å sjå til. Vidare meinte fleire at det var viktig at ein må driva ein open prosess og ikkje leggja lok på konfliktar som måtte oppstå undervegs. Nokon meinte at ein måtte ta seg god tid i prosessen slik at det vert ein god debatt og gode løysingar.

Styret i NFD ser innspela som kom fram i ringerunden som svært nyttige i det vidare arbeidet med omstruktureringa av folkemusikkfeltet, og oppmodar medlemene til å delta vidare med meiningar og innspel i debatten og på dei framlegga som kjem.