FAGERNES: Tilskottet er ein årleg auke av rammetilskottet og skal sikre løn til to felemakarar og investering i nødvendig utstyr.

14. september var statssekretær Kjersti Stenseng på Valdresmusea for å overbringe gladmeldinga. – Frå Kulturdepartementet si side er det viktig at kunnskapen om felebygging blir sikra og kan førast vidare. Valdresmusea er eit viktig fagmiljø med stor kompetanse i den samanheng, skriv ho i ein e-post.

Dei instrumentfaglege tradisjonane er lange ved Valdresmusea. Verkstaden vart etablert i 1981 med Olav Viken (1921–2005) som einaste tilsett. Viken reparerte instrument og produserte nye feler og langeleikar for sal. Oddrun Hegge vart tilknytt verkstaden som lærling i 1987. På 1990-talet studerte ho konservering av instrument ved Germanisches Nationalmuseum i Nürnberg i Tyskland. I 1997 vart Knut Opheimsbakken tilsett i halv stilling. Sidan 2004 har Opheimsbakken vore åleine ved verkstaden.

Seksjonsleiar ved museet, Ole Aastad Bråten, er ein av dei som har jobba for å styrke tilhøva for verkstaden på Fagernes. – Verkstaden byggjer på lange tradisjonar. Her er ingen luftslott, men hardt arbeid i over 30 år. Dette ser departementet, og det er dette dei løner.

Kva konkret skal de bruke dei ekstra løyvingane til?
– Vi vil tilsette fleire instrumentmakarar og etablere verkstadplassar for lærlingar. Støtta gjev òg rom for forsking, dokumentasjon og konservering av hardingfeler og langeleikar, i Valdres og Noreg.

Bladet Folkemusikk har skrive om instrumentstoda ei rekke gonger. Også Rådet for folkemusikk og folkedans har arbeidd mykje for å styrke tilhøva for produksjonen. – Dette er eit viktig skritt i riktig retning når det gjeld å styrke kompetansen på dette feltet, og å yte service til eit stadig meir profesjonelt og krevjande brukarmiljø. Det som likevel hastar mest, er å etablere ei utdanning innanfor hardingfelebygging, og etter kvart langeleikbygging her i landet, seier seniorforskar ved Rff-sentret, Bjørn Aksdal.

Jobbar for utdanning

5. september i år var sentrale aktørar i instrumentmakarmiljøet samla på Voss for å diskutere det vidare arbeidet med etablering av ei felemakarutdanning i Noreg. Bakgrunnen for møtet var dette: I januar 2011 sende Utdanningsdirektoratet eit forslag om felemakarfag som nytt lærefag ut på høyring. Bakgrunnen var ein søknad frå Ole Bull Akademiet om felemakarfag som nytt lærefag i vidaregåande opplæring. Konklusjonen etter høyringa var negativ: Direktoratet oppmoda Kunnskapsdepartementet om ikkje å setje i gang felemakarfaget som nytt lærefag.

Instrumentmakarmiljøet i Noreg let seg derimot ikkje stoppe av negative signal frå departementet. På møtet på Voss var det unison stemning for å arbeide vidare med planane om etablering av ei felemakarutdanning. Møtelyden meiner ein må jobbe vidare for eit studium på universitetsnivå med utdanning av hardingfelebyggjarar som mål. Utvekslingsopphald i utlandet vart òg trekt fram som positivt. Avslutningsvis ber miljøet Ole Bull Akademiet ta kontakt med det politiske miljøet i Kunnskapsdepartementet for å jobbe vidare med saka. Arrangørane bak møtet var Ole Bull Akademiet og Rådet for folkemusikk og folkedans.

Lang tradisjon

  • Valdresmusea har motteke 900 000 kroner til vidareutvikling av instrumentverkstaden på museet. Pengane kjem årleg i tillegg til den faste statsstøtta.
  • Valdresmusea har lang tradisjon for bygging, reparasjon og vedlikehald av instrument. Knut Opheimsbakken er einaste instrumentmakar på museet i dag, i 50 %-stilling.

Lang prosess

  • Felemakarfaget er ikkje godkjent fag etter opplæringslova, noko som betyr at ein ikkje har kunna utvikle læreplanar, eller at elevane har fått rett på stipend.
  • I mai 2010 sende Ole Bull Akademiet søknad om oppretting av felemakarfag som nytt lærefag. I januar 2011 vart søknaden sendt ut på høyring. Søknaden vart ikkje godkjent i Kunnskapsdepartementet.
  • Meir om saka i Spelemannsbladet nr. 1/08 og nr. 3/09, bladet Folkemusikk nr. 2/10, nr. 2/11 og nr. 5/11.